- Er Thon Hotel Surnadal eit Thon-hotell?

Thon Hotel Surnadal, kva slags hotell er det?
Meninger

Er det eit av dei mange Thon Hotels, dei som kallar seg for «Norges beste hotellkjede», eller er det eit privat føretak med feil namn? Spørsmåla kjem som følje av korona-pandemien.

Då pandemien ramma oss måtte alle hotell ta i bruk smitteverntiltak, slik styresmaktene hadde bestemt. Eitt av mange tiltak var å forby servering frå bufeet. Andre tiltak var meir diffuse, og det var mest opp til hotella sjølve å finne ut av dei.

På hotellet i Surnadal opplevde vi i starten av pandemien dei største endringane med at det var eitt menneske som skulle gjere alt, og som var over alt. Ho presenterte seg som hotelleigar, og også som eigar av driftsselskapet for hotellet. Gjestar hadde ho, men sørvis var det så som så med. Romma vart ikkje rydda dagleg, og frukosten var ein enkel tallerkenrett. Prisane var som før.

Vi er eit par som reiser mykje. Kvart år har vi rundt 100 overnattingar på hotellrom, skipslugar og sengeplass på fly, i inn- og utland. Vi er vande med å reise og bu på hotell, og vi nærmar oss same talet i år.

Dei første månadene av pandemien opplevde vi at hotella innskrenka på mannskap, sørvis og frukost, på ein måte som minte meir om sparetiltak enn smitteverntiltak. Prisane var uendra. Nokre stader fekk vi valuta for pengane, og vi kjente oss trygge for smitte. Men det var ikkje tilfellet over alt, og det var ikkje alle stader vi godtok å betale avtalt pris, og heller ikkje alle stader vi ønskte å koma attende til.

Seinare har styresmaktene letta på smitteverntiltaka – mykje etter press frå næringa. Mest synleg var det at frukostbufeet vart lovleg igjen. Etter sommaren har vi ikkje sett dei meir påfallande tiltaka; - dei som vi mistenkte var sparetiltak og ikkje smitteverntiltak. Unnataket møtte vi nyleg på hotellet i Surnadal.

Møtet med frukosten på Thon Hotel Surnadal for få dagar sidan var ikkje positivt. Det var rigga til ein slags bufeet, men innhaldet var mildt sagt miserabelt. Utvalet likna mest på det ein kan finne på billigaste overnattingsstad i ein bortgøymt landsby i Sentral-Asia. I tillegg til omtalte bufeet kunne vi velje mellom fire svært små tallerkenrettar med eit eller to egg, ei eller to osteskiver, ei eller to skiver kjøtpålegg.

Den same hotelleigaren stod for serveringa, og seinare fekk vi vite at ho var føremiddagens resepsjonist. Men resepsjonen opna ikkje før kl. 13:00 – ein time etter utsjekk kl. 12:00. Nattevakta fann vi ut må ha hatt heimekontor.

Hotellet i Surnadal har ikkje alltid vore eit Thon-hotell. Hotellet har ei historie attende til 1930, med namn som Surnadal Hotell og Vårsøg Hotell, før det blei til Thon Hotell Vårsøg. Det siste vart slått konkurs i 2015 pga. manglande skatteinnbetaling. I tillegg kom det då fram at hotellet, med driftsansvar for Surnadal kulturhus, verken hadde betalt husleige, renter eller oppgjer for billettsal til kommunen, med godt over 1 million kroner.

Seinare har hotellet skifta profil til Thon Hotel Surnadal, eit merke vi har funne på alle reservasjonar og kvitteringar fram til no.

No i oktober ser vi at kvitteringa for rom og frukost har fått nytt namn. Det står at vi har betalt til Vårsøg Resort AS, og ikkje lenger til Thon Hotel Surnadal.

Det er då den gamle journalistiske luktesansen vaknar opp og slår inn. Kva finn ein med søk på Vårsøg Resort AS? Her finn vi eit firma som vart stifta rett etter hotellkonkursen. Vi finn ein dagleg leiar med same namn som frukostservitøren – den 62 år gamle hotelleigaren, som ho kalla seg. Ho er òg einaste styremedlem, i tillegg til ein 30 år yngre styreleiar.

Rekneskapstala fortel om store driftsinntekter kvart år, men ikkje særleg større eigedelar enn i ein vanleg familie, og kvar einaste år millionunderskot som driftsresultat og årsresultat. Gjelda var i fjor på over 14 millionar kroner. Då er det fort gjort å ete opp ein eigenkapital på 100 000 kroner.

Skatteetaten opplyser ifølge E24 at Vårsøg Resort AS var den verksemda i Surnadal kommune som har fått mest koronastønad av alle. To tildelingar på i alt 576 801 kroner. Det er over 17 % av all koronatildeling i kommunen.

Med tanke på dei påfallande innsparingstiltaka i serveringa og på personalsida, så må koronatildelinga vere gode pengar for eigaren av Vårsøg Resort AS. Dei pengane er det ikkje mogeleg for hotellgjestane å sjå spor etter.

I møte med hotelleigaren, i rolla som frukostservitør, fekk ho spørsmålet om den nye dårlege standarden på frukosten var i samsvar med vanleg standard og profil for Thon Hotels. «Vi er ikkje eit Thon-hotell,» svarte ho.

«Dersom det ikkje er eit Thon-hotell, så få du ta bort all Thon-reklame og slutte å kle deg i skjorte med Thon-reklame,» var svaret vårt. «Det er eit franchise-hotell, så her gjer vi akkurat som vi vil, og vi kjem aldri meir til å ha frukostbufeet,» slo ho fast.

No undrar vi oss på kor lenge vi får sjå Thon-reklame på hotellet i Surnadal, og vi undrar oss på om Thon Hotels vi gi oss dei same svara som hotelleigaren med frukosten.

Magnhild Bergheim og Terje Albregtsen, Molde