Meinigar:

Eit kulturhus for alle, eller…..? 

Meninger

Attmed scena på Surnadal kulturhus står eit symbol som betyr at det er teleslynge i salen. Det har vore der heilt sidan opninga. I starten fungerte det bra, men i alt for mange år no har det ikkje fungert i det heile tatt. Når eg har tatt personleg kontakt med folk på huset før ei forestilling for å forsikre meg om at det går an å høre det som går føre seg på scena, så har det vorte ordna, elles som regel ikkje.

No blir eg like skuffa og irritert kvar gong eg er der.

Nei, så har dei ikkje ordna det denne gongen heller. Så er det å sitje der da, få tak i eit og anna ordet etter store anstrengelsar, som i alle fall ikkje er avslappande, høre dei andre le utan å få tak i det avgjerande poenget, sjå folket som står der, men ikkje få tak i det som blir sagt eller sunge.

Teleslynge er for den som ikkje veit det, det beste hjelpemidlet for at høreapparatbrukarar kan ta del i slike samanhengar på tilnærma like vilkår som andre. Det hjelper ikkje bra nok med berre høgtalaranleg! ! Vi må ha lyden direkte på øret!
Dette er det og stilt krav til i Lova om universiell utforming, der det heiter at der det i offentlege bygg er montert høgtalaranlegg for kontakt med publikum, skal det i tillegg vere eit teleslyngeanlegg.

Hørselsesforeninga og mange privatpersonar har vore i kontakt med kulturhuset om dette eit utal gonger opp gjennom åra, utan at det har vorte noko betre. No sist på forestillinga «Vårsøg 75 år» , eit elles utmerket arrangement, opplevde vi det igjen. Da vi gjekk ut dørene snakka eg og følgjet mitt ikkje om det bra programmet. Nei, vi sa: «at dei ikkje kan koble på teleslynga så det går an å høre!»

I kyrkjene er det og ofte same problemet, men der har dei etter kvart vorte flinke til å bruke teleslynge ved gudstenester og gravferder m.m., og eg hører da kvart ordet. Men, når det er konsertar og arrangement i samband med jula, Vårsøghelga og elles, da blir teleslynga kobla ut med same negative verknad for oss hørselshemma.

Vil verkeleg Surnadal kommune vere bekjent med å ta så lite omsyn til den store gruppa av hørselshemma som finst i samfunnet? Eller er det vilje i styrande organ til å ta tak i dette og ordne opp slik at alle kommunen sine innbyggjarar kan nyte godt av tilboda som måtte finnast?
Ver vennleg å gje eit svar her i avisa. Om det skal fortsette slik som no så kunngjer i det minste offentleg samtidig med utlysing av arrangementet, «teleslynga blir ikkje bruka», så slepp vi som treng dette helpemidlet å kaste bort pengar på eit arrangement som ikkje er meint for oss.


Reidunn Helene