Lesarbrev:

Kva med domstolane no, Emblemsvåg?

– Sjølv om regjeringas forslag betyr at domstolar blir nedlagte, presterer likevel både Høgres justisminister og den justispolitiske talspersonen deira å påstå at ingen domstolar skal bli nedlagte.

Jenny Klinge (Sp). 

Meninger

I debattinnlegget «Domstolstruktur kan ikke løsrives fra all annen politikk» skreiv heile ti stortingsrepresentantar frå Høgre om kvifor dei ville behalde lokale domstolar i mange ulike aviser i fjor haust. Blant dei var Marianne Synnes Emblemsvåg. No har hennar eiga regjering lagt fram eit forslag om å leggje ned 37 av 60 tingrettar og 15 av dagens 34 jordskifterettar. Forslaget skal stemmast over i Stortinget i desember. Er ikkje dei lokale domstolane like mye verdt no?

Dei 52 tingrettane og jordskifterettane regjeringa vil leggje ned, skal i første omgang oppretthaldast som underavdelingar under dei nye, samanslåtte tingrettane. I fylket vårt vil dette gjelde dei noverande tingrettane i Volda, Molde og Kristiansund. Desse filialane skal ikkje ha ein eigen, stadlege leiar slik tingrettane har i sin sorenskrivar i dag, men bli leia av domstolleiaren frå den nye, større tingretten.

Regjeringa prøver å sukre pillen med at desse domstolleiarane ofte skal reise rundt til underavdelingane sine i dei samanslåtte, gjerne svært store rettskretsane. For det første er det urealistisk at dette kjem til å skje, for det andre ville det vera ei lite føremålsteneleg ordning – dei fleste stader i landet ville det medføre urimeleg lang reisetid, tap av arbeidstid og store reise- og overnattingskostnader. Stadleg leiing er ein opplagt fordel. Dette gjeld i høgste grad òg for Møre og Romsdal.

Sjølv om regjeringas forslag betyr at domstolar blir nedlagte, presterer likevel både Høgres justisminister og den justispolitiske talspersonen deira å påstå at ingen domstolar skal bli nedlagte. Vi inviterer Marianne Synnes Emblemsvåg til å fortelje om ho stolar på sin eigen statsråd i dette spørsmålet, og om ho såleis ikkje trur på jusprofessor Eivind Smith, som til Nationen nyleg har uttalt at: «Det er feil. Man skal legge ned et flertall av tingrettene og sier samtidig at man skal opprettholde rettssteder der hvor det i dag er tingretter. Det blir langt færre domstoler, men en del av dem skal ha lokaler flere steder. I hvertfall i starten, og så vil tiden vise hvor mange som blir igjen.»

Vi i Senterpartiet lyttar til Smith, men også til veldig mange domstolleiarar ved både tingrettar og jordskifterettar. Dei seier klart og tydeleg at regjeringas reform vil medføre sentralisering og nedlegging av domstolar, og at framtida er uviss på sikt for dei domstolane som blir omgjorte til filialar under nye, sammenslåtte domstolar. For å sikre juridiske arbeidsplassar og at folk skal ha tilgang til lokale domstolar og advokathjelp over heile landet, må vi faktisk oppretthalde dei eksisterande tingrettane og jordskifterettane.

Jenny Klinge, justispolitisk talsperson, Senterpartiet

Tove Henøen, leiar Møre og Romsdal Senterparti

Tove Henøen (Sp)  Foto: Senterpartiet