Leserinnlegg

Dei eldste eldre og kommunebudsjettet i Surnadal

Meninger

10. desember skal budsjettet for Surnadal kommune for året 2021 vedtakast. Som leiar i eldrerådet og nestleiar i hovudutvalet for helse- og omsorg har eg i møter fått god informasjon om den økonomiske stoda i kommunen. Eg synest kommunedirektøren har vore flink til å informere oss folkevalde om «korleis landet ligg». Det er utfordringar. Så klart. Men, situasjonen er ikkje heilsvart. Langt derifrå.

Eg er særskild opptatt av situasjonen for dei eldste eldre mellom oss. Sparetiltaka for å få eit kommunebudsjett i balanse må ikkje gå for hardt ut over denne gruppa. Dette er ei sårbar aldersgruppe som må få dekt sine pleie- og omsorgsbehov på ein god måte.

Det er i budsjettforslaget som kommunestyret får til behandling forslag om å spare inn 3,4 millionar kroner under ansvarsområdet for sjukeheimen. Tiltaka som er lagd inn for sjukeheimen er reduserte personalkostnader fordelt på organisering i langtidsavdelingane, omfordeling av rollar og oppgåver, bruk av velferdsteknologi, investering i legemiddelautomat og redusert kantinedrift. Desse sparetiltaka representerer i følgje opplysningar frå kommunedirektøren anslagsvis 7 – 8 årsverk.

Det positive her er at det dette året ikkje har kome noko forslag om å redusere talet på institusjonsplassar i kommunen. Noko som har vore vanleg gjennom fleire år no.

Dei tilsette ved pleie- og omsorgstenestene i Surnadal utfører gjennomgåande ein framifrå jobb! Ingen tvil om det. Med reduksjon i talet på tilsette er det all grunn til å tru at arbeidspresset vil auke. Blir presset for stort kan resultatet lett bli fleire sjukemeldingar. Ein slik situasjon må kommunen prøve å unngå og kome i.

Framskrivingstal frå Statistisk Sentralbyrå viser at talet på eldre over 80 år vil auke sterkt i Surnadal kommune i åra frametter. Få kommunar i Møre og Romsdal vil få ein så stor auke. I ein slik situasjon må ikkje tilboda til dei eldre omsorgstrengande bli svekka. Med aukande høg alder i befolkninga blir det og fleire demente, med dei utfordringar dette gir for hjelpeapparatet.

Johs. J. Vaag