Sunndalsfjorden og livet i fjorden

Kva er tilstanden for liv i Sunndalsfjorden? Det veit vi ikkje sikkert, for ingen har teke ansvaret for å finne det ut.

Sunndalsfjorden.  

Meninger

Visse undersøkingar har vorte gjort når det gjeld 3 tema:

1. Målingar for Norsk Hydro på Sunndalsøra utført av NIVA. Desse målingane har vorte gjennomført i lengre tid, men inneber berre kontroll om utsleppa frå Norsk Hydro fører til forverring i fjorden. Visse tilstandar blir målt avgrensa til 5 punkt i den inste delen av fjorden, innanfor Flå-Øksendal. Desse målingane har ikkje avslørt at fjorden er frisk, men heller ikkje at det blir mykje verre. Men konstaterer likevel over tid at artar forsvinn i fjorden, og at det blir stadig mindre av dei artane som har vore der før. Dette siste er eit faresignal som har mykje større vekt enn dei målingane som er gjorde. For viss livet i fjorden minkar, da er det verkeleg fare på ferde!

2. Målingar av NIVA og andre for Bergmesteren på Raudsand. Desse målingane har vist mykje farleg ureining. Den siste av desse rapportane, L.NR. 7539-2020, med konklusjon side 31, var halden hemmeleg til etter at Bergmesteren arrangerte befaring på anlegget med Molde kommune tidlegare i år. Denne undersøkinga konkluderte med at tilstanden i fjorden var forverra, og at forekomsten av somme farlege stoff no er over grenseverdiane. Stoff som forgiftar livet i fjorden. Men heller ikkje i denne delen av fjorden omfattar målingane anna enn nokre få tema konsentrert til få punkt. Likevel vart det her og konstatert få artar og lita mengd av dei artane som framleis finst.

3. Målingar av situasjonen rundt lakseoppdretta særleg i ytre delar av fjorden. Det er Fylkesmannen som har ansvaret for overvakinga her, og det har kome pålegg til laksoppdrettarane om å gjennomføre tiltak. Fjorden er med andre ord ikkje frisk her heller. For i ein frisk fjord er det ikkje ureiningsproblem.

Det har vore og er mykje uro i Molde kommune om Raudsand. Men dei som er redde for ureininga, har opp til dato ikkje vunne fram. Befolkninga i heile Molde kommune har elles minimalt med Sunndalsfjorden å gjere. Eg trur nok at viss denne ureininga gjaldt Romsdalsfjorden, så hadde nok pipa fått ein annan låt også i Molde kommune.

Men det tristaste eg opplever er at kommunestyra i Sunndal, Tingvoll og Gjemnes ikkje synest å bekymre seg det minste over livet i Sunndalsfjorden. Rett nok har kommunane uttala seg mot den først planlagde og omfattande verksemda på Raudsand. Men deretter har det vorte heilt stilt. At artar i fjorden vert borte, og at andre artar minkar stor i tal, synest heller ikkje å skremme desse kommunestyra. Trur dei at dei kan redde fjorden og helsetilstanden til folket rundt fjorden med å halde kjeft? Skal vi vere sikre på at vi kan redde livet i fjorden, så må det omfattande undersøkingar og overvaking til! Undersøkingar som dekkjer alle tema og heile fjorden. Og slike undersøkingar er det ingen som har fått i oppdrag å gjennomføre. Staten har sjølvsagt det overordna ansvaret for både livet i fjorden og helsa til folk, men er heilt passiv når det gjeld dette overordna spørsmålet. Synest kommunestyra i Sunndal, Tingvoll og Gjemnes at det er roande og trygt? Eller skal desse kommunestyra snart gjere noko for å redde Sunndalsfjorden?

Magnar Husby