Signert Svein Sæter:

Det bratte året

2020 er eit usedvanleg vakkert årstal, vi får ikkje noko tilsvarande før i 3030. Likevel har vi sjeldan vore meir fornøgde med å legge eit år bak oss.

Illustrasjon: Alf Ivar Bruseth 

Meninger

2020 vart eit elendig år. Dessutan var det eit utruleg rart år, ein slags vanskapt variant av Øystein Sundes «Det året det var så bratt», som fyller 50 om nokre dagar. Songen, ikkje Sunde. «Det var så bratt at det var vondt å spise speilegg», skreiv Sunde i første vers. Resten var like logisk.