Lesarinnlegg:

NM i auka ferjeprisar!

- I NM i auka ferjeprisar, tok AP og SP sigeren, i hard kamp med SV, KrF, V og MdG.

Frank Sve, fylkesleiar, gruppeleiar og 2. kandidat til stortingsvalet for Møre og Romsdal FrP.  Foto: Sigmund Tjelle

Meninger

Når nokon går ut og lovar gratis ferjer slik SP gjorde, halvering av ferjeprisane slik Kjølmoen og AP seier, for så å gjere stikk motsatt, burde egentlig dei fått «sigeren» i forsøk på å forlede innbyggjarane her i fylket.

AP og SP kan når som helst setje ned ferjeprisane her i fylket.

I fylkesutvalgsmøtet den 25/1, vart det hard kamp for å forsøke å hindre oss i FrP med å fremje og kunne stemme over kutt i ferjetakstane med 2 takstsoner.

Dei forsøkte å bruke fylkeskommunedirektøren, juridisk sjef, i eit forsøk på å hindre meg og FrP å kunne fremje eit framlegg i eit lovlig sett møte, i ein demokratisk prosess.

Heldigvis klarte dei ikkje dette, og måtte stemme over framlegget, og då fekk AP, SP og resten av raudingane vise kva dei egentlig står for i ferjetakstsaka.

Men, framlegget om kutt i ferjetakstane kjem igjen frå oss i FrP i neste fylkesutvalgsmøte i februar og mars og i fylkestinget i april.

Ferjetakstane SKAL ned!

Så får AP og SP fortsette sitt NM i auka ferjetakstar, og auke skattar og avgifter til himmels slik desse partia ynskjer også på Stortinget.

Frank Sve

Fylkesleiar, gruppeleiar og

2. kandidat til Stortingsvalget for

Møre og Romsdal FrP