Svar til Berit Helberg om rovdyr og tap av sau

Oddvar Mikkelsen. Arkivbilde.   Foto: Magne Lillegård

Meninger

Hei Berit og takk for anledninga til å forklare meir! Eg kjenner til din aktivitet som rovdyraktivist og innser at det ikkje har særleg hensikt å gå i debatt med deg i avisspaltene, men svarar deg likevel denne eine gongen.



Eg prøver å forhalde meg til samfunnet og menneska omkring meg slik dei er og fungerer og ikkje slik eg skulle ønske at dei er og fungerer. Difor innser eg f.eks at grunnen til at vi ikkje har konstant gjeting av sauene i Noreg er at norske forbrukarar ikkje er innstilt på å betale det det ville koste for sauekjøt dersom vi skulle gjere det med norsk lønsnivå. Da ville norsk sauenæring bli lagt ned, vi ville kjøpe kjøtet (jada, vi ville fortsatt ete kjøt! ) frå land der absolutt alle rovdyr allereie er heilt utrydda, som New Zealand og Storbritannia, eller låginntektsland som Romania. Da meiner eg det på alle måtar er betre at norske forbrukarer et kjøt produsert på norske ressursar og at ein av kostnadane med det er at vi må halde antal rovdyr nede på eit nivå som gjer det økonomisk og dyrevelferdsmessig forsvarleg å få til dette. Men der er vi visst usamde du og eg.

Du hevdar at nordmenn ikkje er så interesserte i kjøt av sau og lam og viser til gamle tal på lager-behaldningar. Lageret er redusert med nesten 1200 tonn frå utgangen av 2019 til utgangen av 2020. Vi åt altså 1200 tonn meir enn det vart produsert siste år. Eg tykkjer ikkje det er rett å beskrive det som at det produserast for mykje sau og lam.

Eg er skulda for løgn omkring sauetalet i landet. Det er slik at all statistikk berre er ein flik av verkelegheita. Ein kan framstille utviklingstrendar slik ein vil med statistikk berre ein vel start og sluttpunkt for statistikken slik at det passar med eige syn. Om statistikken er uangripeleg ut frå føresetnadane er den likevel aldri heile sanninga. Det er jo sjølve utgangspunktet for innlegget mitt. Statistikken kan altså brukast, og blir svært ofte brukt for å framstille ting slik ein vil at dei skal framstå. Uansett er det på alle måtar uomtvisteleg at beitenæringa er redusert i delar av landet medan sauetalet har auka andre stader. At mykje av dette er relatert til rovdyrsituasjonen er også på det reine sjølv om generelt dårleg økonomi i sauehaldet sjølvsagt har svært mykje å bety, og at svekking av fagmiljøet og av samhaldet med lokale kollegaer er viktig. Tap til rovdyr har naturlegvis også bidratt til den svekkinga, om du likar å høyre det eller ei.

La meg bruke nokre lokale døme på korleis verda ser ut herifrå. I 2011 var det heile 19,5 % tap av sau og lam i Surnadal Beitelag sitt distrikt, med betydeleg variasjon mellom dei ulike sankeområda. Den vinteren og dei komande åra vart det teke ut ein del jerv. Tapa gjekk ned til 11.4, 7.2 , 6.8 og 4.4 % i 2015. Etter fleire år der mange slutta med sau, starta unge bønder opp i optimisme over at det var mogleg å leve av å bruke utmarksressursen igjen. Så auka tapet til 5,4 % i 2019 og 7,7 % i 2020 på grunn av meir jerv og gaupe. Variasjonen i dei ulike sankeområda siste år er frå 2,6 til 12,6 %. Også lokalt er variasjonen stor. Tal for heile kommunen gir difor ikkje eit fullgodt bilete. Langt mindre dei nasjonale tala.

Du presterer å skrive at sauer maks skal ha tilsyn ein gong for veka! Du insinuerer også at det ikkje blir gjort. Ein gong for veka er minimum. Her er det loggført 524 heile arbeidsdagar (8 timar) med tilsyn sist sesong. I tillegg kjem 870 dagar med sanking. Det var sein vår så beitesesongen starta i snitt 10 juni og varte i snitt til 5. september. Det er 87 dagar. I snitt var det altså utført 6 heile dagsverk med tilsyn kvar dag. Vi veit kva vi driv med Berit. Forøvrig har vi elektronisk overvaking av eit stort antal sau og innleier no ei lokal satsing på enda betre overvaking med ein type gps sendar som ikkje er prøvd her før, og eigne sendarar på lam. Dette gjer vi i samarbeid med lokallaga og fylkeslaga i organisasjonane i landbruket, med støtte frå statsforvaltaren. Forskarar frå Norsøk og/eller NIBIO på Tingvoll vil og vere med på å overvake dette prosjektet og auke det felles kunnskapsgrunnlaget vårt viss vi får finansiering. Målet, som eg trur vi er einige om, er at både beitedrifta og rovdyrforvaltninga skal vere mest mogleg kunnskapsbasert. Då meiner eg reell, jordnær og lokal kunnskap, ikkje kunnskap henta frå konspirasjonsteoriar og ekkokammer i sosiale media, eller basert berre på nasjonale snittal.

At hiuttak ikkje er den beste måten å forvalte jervestammen på er vi heilt einige om. Difor har vi i nokre år arbeidd for å overtyde miljødirektoratet om å bruke SNO til uttak av jerv i lisensjaktperioden også, slik at hiuttak blir absolutt siste utveg. Vi erfarer nemleg at ordinær lisensjakt ikkje alltid fører fram til målet om å ta ut den vedtekne kvoten, sjølv om vi sjølvsagt set enorm pris på all innsatsen jegarane gjer for å få det til. I skrivande stund tikkar det forøvrig inn melding om at jerv nr 4 av kvoten på 7 i fylket er teken på ordinær åtejakt no idag. Staten må likevel ta mykje av ansvaret for å halde vedtekne bestandsmål meiner vi. Dette ser det ut til at vi no er i ferd med å lukkast med.

Eg opplevde forøvrig å vere nabo med ein mann født i 1921 som vart rodd over fjorden av far sin då han var 7 år for å vere gjetar på ei seter der. Han rømte heim igjen, men vart resolutt rodd tilbake. Sjølv då var det altså ikkje økonomisk rom eller vilje til å betale vaksne folk for å vere gjetarar. Det måtte ungane på husmannsplassar og småbruk gjere. Akkurat det er ein tradisjon eg er glad for at det er slutt på i Noreg i 2021. Men slik fungerte folk og samfunn då, slik er det no og, men no set vi ikkje ungane til fattige norske familiar til å gjere jobben. Vi importerer, slik at vi ikkje treng å sjå ting vi ikkje likar å sjå. At somme ønskjer seg til eit idealsamfunn som fungerer annleis, eller at vi aksepterer det meste så lenge det skjer langt herifrå, det trur eg ikkje at eg kan lastast for.


Oddvar Mikkelsen

Beitebrukar Surnadal