Leserinnlegg:

Billettering på land og til vanns!

- Kva er forskjellen på billettering av bilane på land og på ferjene?
Meninger

AP og SP køyrer ferjeprisane til himmels her i fylket, og planlegg samtidig omfattande bypakkar med bompengepakkar i Ålesund, Molde og Kristiansund.

Berre i Ålesund skal det «billetterast» inn milliardar av kroner, der AP og SP ikkje lyttar til eit klart fleirtal i befolkninga som IKKJE ynskjer bypakken.

Frå før «flår» AP og SP bilistane ved svindyre ferjer, og når bilane køyrer på land skal ein jaggu betale enda meir.

Eg blir nesten «rørt» når ein høyrer på fylkesvaraordfører frå AP, som i TV2 framførte sin bekymring for høge kostnadar til dei som bur utanfor byane og må pendle på jobb via ferjer.

Gløymde gjorde han, at AP og SP overhode ikkje bryr seg om folk flest sin økonomi, då dei faktisk planlegg ei nye «ferjestrekning» på land, med svindyr billettering i form av bompengepakkar.

«med skattar og avgifter skal vi tyngast ned»

Fylkesvaraordfører frå AP og SP burde skamme seg, det verkar som om svindyre ferjetakstar og bompengar er måten å gjere det mest mulig jækli for folk flest.

FrP og eg kjem til å kjempe for reelle lavare ferjeprisar og hindre nye omfattande «ferjetakstar» på land med usosiale bompengepakkar.

Mvh

Frank Sve

Fylkesleiar, gruppeleiar og

2 kandidat i Stortingsvalget for

Møre og Romsdal FrP