- Legg ned fylkeskommunane - la staten overta

- Fylkeskommunane maktar ikkje å ta ansvaret for det dei faktisk HAR ansvaret for.
Meninger

«FrP fremmar no framlegg i Stortinget, som vil instruere Høgre og regjeringa til å kutte ferjeprisane i revidert statsbudsjett»

No får vi alle sjå om SP og AP klarer å legge prestisje til sides, og faktisk samle seg om FrP sitt framlegg som reelt vil kutte ferjeprisane no i år.

Høgre og regjeringa driv på same viser som både i koronatiltaka og elles, blir gong på gong instruert av fleirtalet på Stortinget, for så å ta æra av gode og treffsikre tiltak når vedtaka skal ut til folket og næringslivet.

INGEN, ser at Høgre ikkje har levert her heller.

«Kven har til dømes sett Høgre fremme eit einaste politisk framlegg det siste året her i fylket?»

Høgre og regjeringa står åleine om høge ferjeprisar, då er det seriøst viktig at FrP, AP og SP tek ansvaret og setter ned ferjeprisane så raskt som råd, «då er revidert Statsbudsjett eit godt alternativ for dette»

Såleis håpar eg FrP her i fylket, og mitt eige engasjement for kutt i ferjeprisane fører fram.

No når eit fleirtal faktisk ønskjer å føre ansvaret for ferjedrifta og finansieringa av dette tilbake til Staten frå fylka, er dette noko vi i FrP har jobba for lenge.

Fylket bør ikkje ha ansvaret for verken samferdsel eller vidaregåande skular, då dei som styrer her i fylket brukar pengane på alt anna.

Legg ned fylkeskommunane, dei maktar ikkje å ta ansvaret for det dei faktisk HAR ansvaret for.

Mvh

Frank Sve

Fylkesleiar, gruppeleiar og 2.-kandidat til Stortingsvalget for Møre og Romsdal FrP