Leserinnlegg

Eigedomsskatt og partipolitikk

Einar Mo (Sp). 

Meninger

Eigedomsskattelova gir kommunane høve til å nytte skatteetaten sine pårekna markedsverdiar som grunnlag for utskriving av eigedomsskatt på boligar. Mange tek utgangspunkt i desse tala, og Sunndal kommune vedtok ein slik framgangsmåte for 2021.

Når skatteetaten liknar ut formuesskatt på boligar, blir skattegrunnlaget (formuesverdien) sett til 25% av markedsverdien. Da Sunndal kommune gjekk over til nytt takseringssystem, vart det bestemt at skatteetaten sine markedsverdiar skulle reduserast med 30%, slik at grunnlaget for eigedomsskatt blir 70% av forventa salgsverdi. Eit einstemmig formannsskap gjekk inn for denne endringa i møte 1.des. 2020. Seinare same månad vedtok kommunestyret mot 2 stemmer innstillinga frå formannsskapet.

Asbjørn Tronsgård hevdar i eit lesarinnlegg at «kommunen la også til en kontorjustering på 10%». Dette er feil framstilling av vedtaket. Oppjusteringa på 10% gjeld fritidsboligar og kategorien «andre boligar». Vidare påstår Asbjørn Tronsgård at «Riktig eiendomsskatt var ikke tema i debatten i fjor høst - KUN mere skatteinntekt». Dette er heller ikkje korrekt. Underteikna påpeika i fleire møte faren for at manglande lokalkunnskap innan skatteetaten kunne resultere i utilsikta uheldige og urettferdige utslag på boligskatten.

Ved hovedtakseringa for 10 år sidan tok skattetakstnemnda omsyn til lokale forhold som influerer på omsetningsverdiane og delte kommunen inn i geografiske soner ut i frå kjente salgstal. Sonene fekk ulike faktorar som reflekterte differensierte verdiar avhengig av kvar boligen er lokalisert. I tillegg innførte vi faktorar for indre og ytre verdi av skatteobjektet. Slik vart m.a. alder på boligen vektlagt, og støyproblem, rasfare og infrastruktur m.m. var avgjerande moment for skattegrunnlaget. For å rette opp eventuelle feil i talmaterialet frå skatteetaten, vart det etter forslag frå Senterpartiet vedteke av formannskapet å sende ut eit informasjonsskriv om korleis ein kunne gå fram for å klage på skatten.

I fjor haust ville administrasjonen fjerne bruken av botnfrådrag. Men frådraget er sosialt viktig for ei økonomisk utjamning, og etter forslag frå Senterpartiet vart dette heldigvis vidareført med kr. 200.000. Senterpartiet fekk og fleirtal for eit skattefritak dei 5 første åra etter innflytting i nybygde bolighus.

Når det så gjeld valgkamputspelet i det nemnte lesarinnlegget, vil nok skatt og finansiering av dei kommunale tenestene bli grundig debattert framover. Men at vi her i Sunndal treng dei budsjetterte skatteinntektene for å balansere kommunerekneskapet, er det vel liten tvil om. Eg vil til slutt oppfordre velgarane til å vurdere andre aktuelle kandidatar enn dei Asbjørn Tronsgård tilrår når tolvpoengaren skal utdelast ved Stortingsvalget i år.

Einar Mo

Sunndal Senterparti