Leserinnlegg

- Med skjenkestopp er det ingen vits i å ha åpent?

Illustrasjonsfoto  Foto: Geir Forbregd

Meninger

Koronapandemien har gjort det synleg og tydeleg kor vesentleg alkoholsal og –skjenking har blitt for store delar av reiselivet og utelivet i samfunnet. For mange hotell, restaurantar og uteplassar synest det utenkeleg eller umogeleg med opne dører og tilbod om møteplass, matservering eller hotelldrift utan inntektene frå alkoholserveringa. Enkelte hotell seier rett ut at «vi tjener mer på drikke enn på andre varer» (Adresseavisen 26/3) eller «Med skjenkestopp er det ingen vits i å ha åpent.» (TK 27/3), og sjølv om folk gjerne vil komme og eta utan at dei får kjøpe alkohol, blir fortenestene for små for drifta.

Heldigvis finst det også dei som marknadsfører at «det finnes gode alkoholfrie alternativer for dem som vil nyte en bedre middag hos oss» (TK 27/3) – men det er dessverre alt for langt mellom dei. Det er reint så ein tar seg i å lengte tilbake til den tid dei gamle kaffestovene fantest i dei fleste bygder – og det var råd å møtast utan tilbod om alkoholservering.

Eivind Hasle
6650 Surnadal