Sikre påskefenomen: Førfall og blåsstøo

Påsketrafikken går for fullt, og den fell som regel sammen med det som frå gammelt er kalla førfallet (førefallet).

Illustrasjon: Alf Ivar Bruseth 

Meninger

Dette er eit ord som ser ut til å ha vore bruka over store delar av Sør-Norge, kanskje aller mest på Austlandet. Som regel inntreffer det altså nettopp rundt påske, når belastninga på vegane er som hardast. Meininga ligg i ordet – det er snøføret som tek slutt, som fell i hop, snøen går i oppløysing. Bruka både om sjølve prosessen og om tida da dette går for seg. Før i tida innebar dette overgangen frå sledeføre til hjulføre, og den kunne og kan sjølsagt enno vera problematisk (eller by på utfordringar, som det kanskje heller skal heite i dag). Grusvegane blir blaute og sundkjørte og minner meir om potetåkrar og hengemyrer enn om ferdselsårer, og er knapt nok farbare i denne perioden. Den som kjem i hau vegane slik dei jamt over var dette årsens leite tilbake på 50- og 60-talet, vil kunne sjå denne elendigheita levande for sitt indre blikk. Og somme plassar er det nok slik enno den dag i dag.