Parodien Møreaksen!

Frank Sve, fylkesleiar, gruppeleiar og 2. kandidat til stortingsvalet for Møre og Romsdal FrP.  Foto: Sigmund Tjelle

Meninger

« Tidenes dyraste undersjøiske gigantprosjekt skal liksom byggjast utan at vegtraseen verken på Vestnessida eller frå Julsundet, gjennom og forbi Molde, knapt nok er på teiknebrettet»

Dersom ikkje nokon ansvarlige i Vegdirektoratet eller Samferdselsdepartementet stoppar denne dårlige «parodien» kan dette bli ei gedigen nasjonal skandale.

I Molde krangler Ordføraren med eit fleirtal i bystyret, om vegtraseen gjennom og forbi Molde by, - ordføraren er djupt vonbroten fordi bypakken i Molde er skrota, ein bypakke kun han og Helge Orten har hatt trua på.

Når ein ser framgangsmåten til Høgre med Orten og Molde ordførar i spissen ang bypakkenederlaget i Molde, forstår absolutt alle korleis dei har klart å lure Erna til å legge Møreaksen inn i NTP.

Valget til hausten kan stoppe denne dårlege «Møreaksen parodien» der det ser ut til at FrP igjen kjem på vippen på borgarleg side.

Dersom Høgre har tenkt å vere i nærheita av styrande posisjon i Stortinget, er FrP nøkkelen for dette, - men, utan Møreaksen !

Vår Stortingsgruppe har klart og tydelig slått fast at Nye Veier as skal få ansvaret for strekninga Ålesund til Molde og vidare til Innlandet grense.

Nye Veier as bygger billigare, milevis raskare, og med ny og miljøretta teknologi, noko Statens vegvesen har abdisert på for lengst.

Nye Veier as vil gjere det som sjølvsagt er logikk, nemleg bygge vegsystema på land fyrst, frå Ålesund til Vestnes og vidare til Bjorli.

Då vert trafikkgrunnlaget tilstrekkeleg nok til å bygge og sette trafikk på eit fjordkryssingsprosjekt over Romsdalsfjorden, - der eg er rimeleg sikker på at Møreaksen alternativet vert skrota, og Romsdalsaksen eller ferjer kvart 15 min blir valgt.

Eg har tidligare meint at Riksrevisjonen burde tatt fatt i korleis Møreaksen har blitt til, habilitet og roller spesielt.

Prosessen har vorte pressa igjennom med totalt manglande vilje til forsvarleg konseptvalgsutgreiing med reelle alternativ til Møreaksen, og med kritikkverdige roller og prosessar.

«Når 25-35 000 000 000 Kr av skattebetalarane sine pengar skal brukast, kan ikkje ein parodi av eit vegprosjekt berre få ture fram»

Ein ting kan eg love, og det er at kjem eg på Stortinget etter valget til hausten, kjem eg til å gjere det eg kan der for å skrote, skrinlegge, og fjerne Møreaksen, - og jobbe aktivt for fjordkryssing over Romsdalsfjorden anten via Romsdalsaksen eller eit utvida døgnåpent og forbetra ferjetilbod.

Mvh

Frank Sve

Fylkesleiar, gruppeleiar og

2 kandidat på Stortingslista for

Møre og Romsdal FrP.