Pandemi og språk

Pandemien begynner vi kanskje å sjå enden på no, men oppløpssida står att. Ordboksdefinisjonen av pandemi er epidemi som rammar ein eller fleire verdensdelar, og som så mange andre medisinske faguttrykk er det laga etter mønster av gresk ordmateriale. Pan- betyr ’alle’, og –demi er avleidd av demos ’folk’ (jamfør demokrati = folkestyre). Pandemien treffer altså alt folk.

Illustrasjon: Alf Ivar Bruseth 

Meninger

Også språktrekk kan vera smittsame. Dei spreier seg gjerne på liknande måte som sjukdommar, i fri flyt frå munn til munn og gjennom fleire slags kanalar. Mange vil nok kalle det ei sykje når fleire og fleire let sj og kj falle saman, men her trur eg det er vanskeleg å finne vaksine. Utbrota let seg neppe stoppe verken av Språkrådet eller andre instansar.