Kven er vel ikkje tilhengar av ein rusreform?

Ein reform dreier seg om omlegging og endring – til det betre.

- Ikkje minst bør det vere ei oppgåve å verne dei unge mot trua på at tilgang på og bruk av rusmiddel (gjennom opne ølkraner og eksperimentering med cannabis og andre illegale rusmiddel) er vegen til gode liv for den enkelte og i samfunne, skriv Eivind Hasle i dette leserinnlegget. Det er khat som er på bildet.  Foto: Foto: Politiet

Meninger

I mange månader no har mange av oss som gjennom eit langt liv mellom anna har vore opptatt av rus og bekymra for verknadene av rusbruken på individ og samfunn, blitt skulda for å vere mot ein stor sosialpolitisk reform i samfunnet vårt, og vere på feil side av den historiske utviklinga. For den går og bør gå, - har vi forstått - i retning av meir og meir liberal tilgang på og bruk av rusmiddel.

For vi har vore skeptiske til ein såkalla reform som dreier seg berre om illegale rusmiddel – og ikkje i det heile seier noko om det viktigaste rusmiddelet i samfunnet vårt, alkoholen. Og denne «reformen» omhandlar berre dei som har blitt varig skadde og avhengige av desse illegale rusmidla, mangelfulle behandlingstilbod og bruk av straffereaksjonar, og dei mange overdosedødsfalla. Og den såkalla «reformen» til Høgre og Venstre – to parti som vi i seinare tid sjeldan har opplevd på den sosialpolitisk kunnskapsbaserte sida i ruspolitikken - har hatt lite anna å tilby enn straffefridom for ruseksperimentering og bruk av lange lister med illegale rusmiddel – og ingen konkrete tiltak for å redusere rusmiddelbruken og rusmiddelproblema, men tvert imot svekking av dei tiltaka som samfunnet i dag har, ikkje minst overfor ungdom. Og parallelt stadig nye liberaliseringstiltak i alkoholpolitikken – trass i arbeid med ein ny nasjonal alkoholstrategi for 2021-25 som skal redusere alkoholbruken i tråd med WHO-ambisjonar.

Samtidig har vi i debatten fått ei framstilling som teiknar eit bilde av at Noreg skil seg negativt ut internasjonalt, med rekordtal av overdosedødsfall, med stort forbruk av illegale rusmiddel (narkotika) blant ungdom – og det ser ut som om politi, skolevesen og behandlings-apparat ikkje har hatt og har andre ambisjonar eller virkemiddel enn å putte unge og eldre narkotikabrukarar i strafferegister og fengsel. Lærerikt er det å sjå korleis store delar av media ukritisk har formidla dette bildet til to av dei mest rusliberale regjeringspartia, og pressgruppene for ein liberalistisk ruspolitikk. Samtidig må det vere eit tankekors å oppleve at eit av regjeringspartia, KrF, har følt seg nøydd til å røyste for denne «reformen», men samtidig har uttrykt von om at framlegget frå regjeringa blir røysta ned.

No er vi mange som vonar at fleire parti kan sette seg saman og forme ut ein heilskapeleg rusreform som med folkehelseperspektiv i langt større grad og meir konkret styrker hjelpe- og behandlingstilboda overfor dei russkadde, styrker lokale og nasjonale førebyggingstiltak mot rusproblem og skjermar dei rusfrie kultur- og møteplassane i samfunnet. Og ikkje minst bør det vere ei oppgåve å verne dei unge mot trua på at tilgang på og bruk av rusmiddel (gjennom opne ølkraner og eksperimentering med cannabis og andre illegale rusmiddel) er vegen til gode liv for den enkelte og i samfunnet.

Eivind Hasle
6650 Surnadal