Lesarinnlegg

Høgre er Høgre, og Møreaksen er greinalaus uansett!

– Høgre er Høgre, kvinne som mann, og endrar ikkje det faktum at Høgre ikkje bryr seg om folket i heile fylket som slett ikkje ynskjer Møreaksen til 25-35 milliard kr.

Fylkesleiar, gruppeleiar, og 2. kandidat til Stortingsvalget for Møre og Romsdal FrP, Frank Sve. 

Meninger

Om kvinner frå Høgre er noko betre, en «gretne gamle gubbar» skal eg ikkje konkludere på jamf deira innlegg i RB.

Derimot er eg svært glad for at det ser ut til at kampen mot Møreaksen og kampen for sunn fornuft ser ut til å virke.

Kva Høgre kjem med i neste trekk er eg verkeleg spent på, har dei ikkje snart forstått at folket her i fylket er imot å bruke 25-35 milliard Kr på Møreaksen, ein gedigen omveg, ca 400 m under fjorden og gjennom Molde by?

Både kvinner og menn i FrP ynskjer ein trygg, rask, miljøvennlig og billigare trasé over Romsdalsfjorden, anten gjennom Romsdalsaksen eller fortsatt ferjer.

Kvinner og menn frå heile fylket er med i kampen mot den gedigne undersjøiske tunellen, 6 mil med tunellar, aldeles unødvendig risiko når vegen kan byggjast OPPE på sjøen.

Innbyggjarane her i fylket kan klart og tydeleg seie kva dei meiner om Møreaksen i Stortingsvalget til hausten.

Då er ei stemme til Høgre, SP og AP ei stemme for å prioritere «lokalvegen»Møreaksen for 2300 bilar i døgnet over Romsdalsfjorden, – og, nedprioritering av alle andre vegprosjekt i heile fylket som ikkje kjem til å få ei krone og blir utsett pga Møreaksen i lang tid framover.

Det er ditt valg i Stortingsvalget i september.

Frank Sve

Fylkesleiar, gruppeleiar, og 2. kandidat til Stortingsvalget for Møre og Romsdal FrP