Leserinnlegg

Nytt fleirtal!

Meninger

Det er berekna at Erna Solbergs høgre-regjering har kosta folket og fellesskapet over 40 milliardar kroner. Samtidig har dei rike fått store skattelettar.

Forskjellane har auka – dei rike har blitt rikare, og sosiale ytingar til blant anna barn, uføre og arbeidslause er kutta nådelaust ned. Eit lite utval døme på smålege kutt:

- Skatteauke for einslege forsørgarar på overgangsstønad

- Redusert skattefrådrag for lange pendlar-reiser

- Bort med feriepengar for arbeidslause på dagpengar

- Innføring av eigenandel for fysioterapi for kronisk sjuke

- Redusert støtte til barnebriller

I motsetning til dette har dei rike fått over hundre gonger så mykje skattelette som folk flest. Dei med størst formue – over 100 millionar – har fått ein halv million i skattelette per år i snitt.

Og i motsetning til det høgresida påstår, gir ikkje dette fleire arbeidsplassar. Ei utgreiing regjeringa sjølv bestilte konkluderer klart med det. Så grunnen til skattekutt for dei rike er ein annan: Regjeringa representerer klasseinteressene til overklassen. Heilt enkelt.

Ein artikkel i Aftenposten sa det slik: «Høyres rike onkler og tanter har spart skatt på sin giverglede». I artikkelen er det ei liste over skattelettar dei som har støtta Høgre med pengar har fått:

- Christen Sveaas har spart 2,8 millioner i formuesskatt

- Camilla Hagen Sørli har spart 1,5 millioner i formuesskatt

- Leif O. Høegh (privat) har spart 9,6 millioner i formuesskatt

- Christian Ringnes (Eiendomsspar AS) har spart 300 millioner i formuesskatt

- Stein Erik Hagen har spart 700.000 i formuesskatt.

- Else Helene Sundt har spart 3,4 millioner i formuesskatt.

- Christian G. Sundt har spart 3,2 millioner i formuesskatt.

Og dette vil halde fram om den noverande regjeringa får halde fram etter valet til hausten.

Vil vi dette? Vil vi at forskjellane skal halde fram med å auke? Eller vil vi snu utviklinga, og forsvare dei relativt små forskjellane vi har vore vant til, og velferdsstaten?

SV sitt svar er klart: Vi vil ha eit nytt fleirtal, og ein klar og kraftfull utjamningspolitikk. Ein politikk for dei mange, og ikkje for dei få på toppen.

Erling Outzen

Leiar i Sunndal SV