Gratulerer med den digitale nasjonaldagen!

For andre året på rad tar koronapandemien nasjonaldagen vår ned på eit nivå dei færraste likar å feire nasjonaldagen. Endå ein gong er det fråvere foran samvere, innetid framfor utetid og digitale arrangement i staden for fysiske arrangement kor menneske samlast, er saman i fryd og glede.

Ingunn Karijord, Sunndal KrF. 

Meninger

For også i år blir det digital markering av nasjonaldagen. Den siste tida har vi gjennom media blitt orientert om kor feiringa vil vere – nemleg på Facebook. Og eg tenker Facebook gnir seg i hendene. Gjennom heile nasjonaldagen vil dei merke merkbar høgare aktivitet på det mest brukte sosiale mediet i verda.

Sjølvsagt praktisk å legge feiringa av dagen til Facebook, for alle er jo på Facebook. Eller er alle det?

Undersøking viste at då sommaren vart avslutta i fjor, i 2020, var meir enn 3,5 millionar av Noregs befolkning på rundt 5,4 millionar på Facebook, så rundt 65 % av alle i Noreg har ein konto. Mesta 70 % av alle med konto sjekkar Facebook dagleg, så det er slettes ikkje rart at nasjonaldagsfeiringa leggast inn i det populære mediet.

Men det er unekteleg 35% som ikkje er der, og dei er i alle aldrar. Ikkje alle er barn og ikkje alle er er menneske som ikkje veit kva dag det er. Nokon veit utmerka godt kva dag det er, men dei er ikkje på Facebook. Det vil og seie at nokon ikkje er med og feirar dagen.

Det kan vere eit naturleg spørsmål å stille – må ein lage seg ein konto på Facebook for å kunne feire nasjonaldagen?

Nokon stadar er dei så heldige å kunne ha eit arrangement utandørs. I somme bygder vil det vere matsal og loddsal til inntekt livet i bygda. Men i nokre annonsar står det at det blir ikkje mogleg å bruke kontantar – berre med den mobile betalingsløysinga vipps, men og kanskje kort. For alle har jo VISA-kort og Vipps. Eller har alle det?

I stadig større grad har vi sett i den tida som har gått sidan pandemien «inntok» landet av vi blir oppmoda om ikkje å betale med kontantar, men med kort, somme stadar også med vipps. Og fleire andre aktørar har mobile betalingsløysingar dei vil vi skal bruke. Kampen om kvar og ein sine pengar er nemleg stor.

Om ein skal tru tal ein finn på Internett, er rundt 3 millionar nordmenn brukarar av vipps på ein eller annan måte. Det vil seie at det er rundt 2,4 millionar nordmenn som ikkje brukar det.
Det har ikkje lyktes meg å finne ut kor mange som har visakort, og truleg er det uråd å finne ut, for «folk flest» har minst eitt, men sannsynlegvis fleire.

Dei fleste tenker nok ikkje på det, men på endå ein arena er det nokon som blir utestengt frå feiringa av nasjonaldagen. For alle har ikkje vipps. Å ha vipps betyr i utgangspunktet at ein og må ha ein mobiltelefon, men i 2021 finns det menneske som vel å ikkje ha mobiltelefon, eller iallfall ikkje ein mobiltelefon med nettilgang. Ikkje alle har visakort heller, og det er mange årsakar til at ein vel å vere utan det som for dei aller fleste er sjølvsagt å ha.

Nokon har ikkje visakort fordi dei ikkje har handtert økonomien sin på ein tilfredsstillande måte – stadig fleire får betalingsmerknadar fordi dei hamnar i luksusfelleliknande situasjonar. Det gjer til dømes at dei blir sett økonomisk på utsida i mange situasjonar der mange av oss er innanfor. Døme på det er vipps og telefonabonnement.

Dei som ikkje har visakort, går i banken og tar ut kontantar. Dessverre er det stadig færre bankar som har kontantar i sitt «varesortement». No skal ein gå til kassa i kolonialbutikken og sette ut og ta inn kontantar via visakortet.

No i desse tider er det mange som mottar sms om time til vaksinering mot korona. Ikkje alle handterer sms – dei er for gamle, dei er einsamme, dei ser dårleg, dei er ikkje fullt sosialt påkopla. Det er mange grunnar, og spørsmålet er om alle vil få varsel om at dei har time til vaksinering. Ikkje alle har familie i rundt seg som kan hjelpe dei.

Sjølvsagt er dei ikkje mange som lever slik, men dei finns. Nokon har ikkje visakort, mobiltelefon, vipps eller Facebook fordi dei ikkje greier å handtere så mykje informasjon, og må velje bort det som er minst nødvendig. Dei vil ikkje «bombarderast» av telefonseljarar, spørsmål om kjøping og krav om betalingar, og for å beskytte seg sjølve, tar dei heller avstand. Nokon kjenner på trugselen mot personvernet som det faktisk er å avgi stadig informasjon om pinkode, passord og registreringar på ulike elektroniske sentralar.

Å ta bort kontantar som ordinært betalingsmiddel, legge på tilleggsbetaling på bussen til dei som brukar kontantar, vanskeleggjere skattemeldinga for dei som vil bruke papirutgåva, og i sum heile vegen vise til at ein må bruke internett, finne ut på Facebook og legitimere seg via appar på telefon, er ein måte å gjere forskjellane i Noreg større. Ein stenger ute dei svakaste og dei med minst ressursar. Det ekskluderar mange som allereie ligg nede, blir ein trugsel mot sosial deltaking for fattige og fleire andre grupper av innbyggarane i landet.

Kristeleg Folkeparti er i mot ei slik sosial utestenging. I eit samfunn som vi ønsker skal inkludere alle, kan ikkje all deltaking bero på kor sterk ein er i internettverda. Derfor håpar vi at vi får ta tilbake samfunnet og kvardagen snart – i eit samfunn som er varmt nok for alle.

Ha ei retteleg god nasjonaldagfeiring – med eller utan digital aktivitet.


Ingunn Karijord

Sunndal KrF