Lesarinnlegg

Ufatteleg at Nordmøringen Jenny Klinge og SP er for Møreaksen

Frank Sve, Møre og Romsdal FrP.  

Meninger

Ufatteleg at Nordmøringen Jenny Klinge og SP er for Møreaksen, noko som 68 % av befolkninga ikkje vil ha.

Har undra meg lenge over «kuvendinga» til SP ang Møreaksen, der alle huska at dei lova før sist valg å støtte Romsdalsaksen, for så å snu tvert om etter valget der SP gjekk samrøystes inn for Møreaksen.

SP i praksis, seier ein ting før valg, og stikk motsett etter.

Får vel sikkert ei «skyllebøtte» frå Jenny Klinge eller Geir Inge Lien, som begge er flinke på å sitte musestille i båten, og håpar på at ingen i fylket oppdagar den egentlige SP politikken her i fylket,

SP for Møreaksen, kraftig kutt og nedleggelsar av utkantskular, og satsing på bompengepakkar!

FrP er distriktspartiet her i fylket, vi lyttar til folket som ynskjer å skrote Møreaksen og heller ynskjer Romsdalsaksen eller fortsatt ferjer over Romsdalsfjorden.

SP diltar etter Orten og Høgre, og har i sak etter sak blitt partiet for Møreaksen framfor nokon.

Stortingsvalget til hausten dreiar seg om kven innbyggjarane i Møre og Romsdal skal sende på tinget.

Då er Sylvi og Frank og FrP eit klart valg, i kampen for å skrote Møreaksen ein gong for alle etter valget, og vi er reelle ombods kvinne og mann for deg som innbyggjar i Møre og Romsdal.


Frank Sve

Fylkesleiar, gruppeleiar og

2. kandidat til Stortingsvalget for

Møre og Romsdal FrP