Lesarinnlegg

Vassregionplana for Møre og Romsdal fylke og Sunndal- /Tingvoll- og Bergsøyfjorden

Finst det politiske krefter i fylket eller landet som er villige til å ofre fjorden vår på privatinntektenes altar? spør Magnar Husby i dette lesarinnlegget. 

Meninger

Eg har no delteke i 2 nettmøte om Regional Vassforvaltningsplan med tilhøyrande Tiltaksplan for Møre og Romsdal. Møre og Romsdal fylke er pålagt å utarbeide slike planer frå staten. Desse planene har ikkje noko grummlag i fylket sin økonomiske evne til å gjennomføre planene, men er idealistiske målsetjingar fastsett av staten ut frå Vassdirektivet. Per dato er planene ikkje vedtekne av fylket; dei utarbeidingsfasen med høyringsfrist 31. mai. I fjorden

På begge desse møta har tilstanden i Sunndalfjorden/Tingvollfjorden/Bergsøyfjorden (heretter fjorden) vore i fokus. På det første møtet var det ei nær samrøystes oppfatning at det måtte mykje grundigare målingar og forskning til i fjorden for å få fram sikre fakta. Dette er og nemnt i dei noverande plandokumenta. Men dei noverande plandokumenta har gjort følgjande grep: Fylket har fråskrive seg ansvaret for å gjere noko med tilstanden i fjorden! Fylket grunngjev dette dels med økonomi, men og med at fjorden framleis vert kontinuerleg ureina frå industri.

Fylket ser her ut til å drive ballspel med staten om kven som skal ha hovudansvaret for å rydde opp. Eller er det hestehandlar mellom dei politiske partia i fylket som er på gang? Iallfall er det slik at det ikkje vert gjort noko som helst for å sørgje for at fjorden vert frisk. Ein nøyer seg med nokre få målingar utført av ureinarane sjølve, beordra av Miljødirektoratet for å «sannsynleggjere» at tilstanden ikkje blir verre. Ikkje heilt det heller! For styresmaktene har tillate at ei verksemd skal ha løyve til å slippe ut meir giftstoff enn før. Så da kan ein trygt spørje: Finst det politiske krefter i fylket eller landet som er villige til å ofre fjorden vår på privatinntektenes altar? Har for eksempel Høgre, Venstre, Arbeidarpartiet og andre partia funne ut at dei kan ofre fjorden for å redde inntektene til industriverksemdene i fjorden?

Det har vore forståing i fylket for at det må mykje fleire målingar og mykje meir forskning i fjorden til for å konstatere fakta. Men kvifor tek ikkje fylket sjølv initiativet til i allfall å begynne slike målingar? Det kan ikkje vere økonomisk umuleg for fylket å for eksempel gjere grunnboringar på Raudsand som kan konstatere kva for giftavfall som er dumpa i sjaktene? (Ingen veit dette per dato). Og det kan neppe vere økonomisk umuleg for fylket å finansiere eit uavhengig forskningsprosjekt på biologiske signalartar i fjorden for å konstatere om det er farleg forgifta eller ikkje? Men ingen slike tiltak er foreslått.

Og det er sjølvsagt i strid med Vassdirektivet å late vere å gjere noko med problemet. Ein ofrar derimot hundretals millionar på å gjere Driva frisk, og på aure-forskning i andre elver. Det er vel bortkasta pengar viss fjorden er i ferd med å bli ein giftpøl?

Magnar Husby