Lesarinnlegg

Mislukka fotballreporter

Einy Rendal Elgsæther.  Foto: Geir Forbregd

Meninger

NRK spurde om eg ville vera reporter for dei på ein viktig fotballkamp. Det har eg aldri gjort før, og eg tykte det var spennande å bli spurt, så eg svara ja. Tenkte at eg får vel noko ut av det, og dessutan ville ikkje NRK ha det så tydeleg, men nokre tankar om livet på banen. Eg er ikkje spesielt interessert i konkurransesport, så eg har aldri sett ein fotballkamp, og veit ikkje mykje om kva det går ut på, anna enn at eg har slumpa til å sjå at det er nokre som spring etter ein ball. Og ein ball kunne eg vel snakka litt rundt om.

Eg veit ikkje kor vellukka det vart, for fotballfolk er visst tolerante folk som ikkje klagar. Dei tenkte nok at ho gjorde så godt ho kunne og ho fekk da litt ut av det, sjølv om det ikkje handla om fotballsport.

Omtrent slik opplevde eg intervjuet med ein av NRKs andaktshaldarar som fortalde at ho/han vart spurt om å ha andakt i NRK. Ho/han hadde aldri hatt ein andakt før, og ein høyrde fort at andaktshaldaren ikkje visste kva ein andakt var, like lite som eg veit kva ein fotballkamp er, om eg skulle blitt spurt.

Kva vil NRK med dette?? Er det ei nedfasing eller ei latterleggjering av oss som er interesserte i ein kristen andakt. Andaktslyttarar er tolerante og finn seg i det meste. Dei klagar lite, og om dei klagar, blir dei ikkje høyrt. Derimot trur eg det hadde vorte rabalder i sportsverda om mitt eksempel hadde vore sant.

Kvifor skal enkelte interessegrupper behandlast så nedlatande eller neglisjerast?

Einy Rendal Elgsæther