Perkele Norjalainen

Finske Sanna Sarromaa har skapt bruduljer igjen, med kronikken «Dialekter er djevelens verk», i VG 6. mai. Det er jo kjent frå før, gjennom fleire provoserande artiklar, at ho er svært skeptisk til den norske språksituasjonen. Det norske språket er ein vits, sa ho i 2020. Slik sett har ho vel skreve same kronikken mange gonger før. Men folk bit på kvar gong, avisene får sine etterlengta klikk, og debatten rasar i sosiale media.

Illustrasjon: Alf Ivar Bruseth 

Meninger

Ei side av dette er dialektbruk i nyheitssendingane, så la oss ta det først og grundigast. Det er jo absolutt noko som det går an å diskutere, med vettuge argument både for og mot. Sjølsagt er det grunnleggande viktig at folk forstår det som blir sagt, og spesielt no i koronatider. Her har det interessant nok oppstått nokså underlege sengekameratar: Noregs Mållag og Det Norske Akademi for Språk og litteratur. Mållaget held fram at NRK er den viktigaste leverandøren av normert nynorsk talemål og derfor har eit særleg språkpolitisk ansvar. Akademiet på si side meiner dialektbruken ikkje berre svekkar nynorsken, men gjer det verre å få med seg innhaldet, ikkje minst for innvandrarar.