Lesarinnlegg:

EØS er førstevalget for KrF

Nestledar i Sunndal KrF - Arne Drøpping.  Foto: Privat

Meninger

Norge har levd med EØS heilt frå 70-talet. Som ung KrFU-politiker hugsar eg enda godt da Lars Korvald frå KrF tok over som statsminister etter den første folkeavstemninga. Han kom til vårt landsmøte i KrFU og heldt tale om forhandlingane med EF-landa som det heitte da.

Det er mange som klagar på EØS, men dei fleste økonomane meiner at dette har vore ei god ordning for landet vårt. Heilt frå 70-talet har debatten om EF/EU vore prega av at at dei små vann over dei store, bygd vann over by. Dei to store partia H og AP har heile tida vore for EF/EU, men dette synet har ikkje vunne fram i folkeavstemningar. EØS har i alle desse åra vore eit kompromiss – ja eit ganske godt kompromiss med ein del uheldige sider.

KrF har lenge vore omtrent åleine om å velge EØS-avtalen som førstevalg. Sp og SV snakkar no stadig høgare om å skrote EØS-avtalen. Dei kan argumentere ganske fritt om dei negative sidene ved EØS, men dei positive sidene er nok enda sterkare. Det ville bli ganske dramatiske konsekvensar for mykje av vår eksportindustri om EØS-avtalen skulle bli borte. Vi kan jo lure på kor stabil ei raudgrøn regjering blir i Europaspørsmål. Sp og SV er uenige om mykje, men dei vil melde Norge ut av EØS. Og Ap vil vere medlem av EU.

Eg går ikkje inn på alle argumenta for EØS. Eg vil berre framheve at det er viktig for landet vårt at vi har KrF som er imot medlemskap i EU, men er for EØS avtalen. Nettopp den ordninga som Norge har i dag.

Arne Drøpping – nestledar i Sunndal KrF