På reinsjakt med Erna

For åtte år sia låg Hallstein og eg i ei dobbeltseng og såg Erna Solberg bli statsminister. Det blir neppe reprise i år.

Illustrasjon: ALf Ivar Bruseth 

Meninger

Den gongen skulle vi ha vore i eit telt langt inni fjellet, på jakt etter den fantastiske Rangifer tarandus tarandus; villreinen. Men så felte vi ei simle stor nok til at ho fylte sekkene, og tusla ut av fjellheimen med mørkret glefsande i hælane.