Lesarbrev

Frp fylgjer ikkje med i timen

"Hvis Frp var opptekne av å unngå innvandrarar og klimaflyktningar hadde dei gjort det dei kunne for å få redusere bruken av fossil energi"

Førstekandidat til stortingsvalet for Møre og Romsdal, SV, Birgit Oline Kjerstad.  Foto: Privat

Meninger

Frp angrip venstreradikale sosialister og gløymer at hadde det ikkje vore for sosialdemokratane hadde den norske oljeformuen hamna i internasjonale oljeselskap og på private kontoar, ikkje i eit oljefond som kjem felleskapet til gode. Sosialismen har pressa fram felleskapsløysingar og er ikkje farleg. Samarbeid og solidaritet er smart, særleg når vi står overfor store felles utfordringar som klimaendring. Vi kan knipe att augene og prøve å isolere oss i ei velståande Norsk boble, slik som Frp prøver på, men det er neppe smart.

Hvis Frp var opptekne av å unngå innvandrarar og klimaflyktningar hadde dei gjort det dei kunne for å få redusere bruken av fossil energi. For er det noko som har potensiale til å skape massevandringar så er det klimaendringar som vil føre til meir enn 1 meter havstiging, hungersnaud og tørke. Om Frp var reelt opptekna av at innvandrarar skulle lære norsk hadde dei late vere å kutte i norskopplæring for innvandrarar og heller sett fart på programma som kan få alle som kjem til landet i arbeid så fort som råd, fordi vi har bruk for arbeidskrafta.

Eg lurer på kva Frp tenkt å gjere med behovet Norge har for å satse på andre næringar enn olje og gass? Næringslivet er langt framme i skoa, og står klare til å bidra til kutt i klimagassutslepp. Om vi utvikler smarte energiløysingar og eit samfunn som er mindre avhenging av olje og gass no, kan vi unngå at dei som kjem etter oss arver ein klode i ubalanse. Frp har rett i at Norge ikkje greier dette åleine, men om vi ikkje tek grep kan vi ikkje vente at andre land gjer det. Kva som er dei rette grepa for å få til kutta i utslepp er viktig å diskutere, men å fortsette som før er ikkje ei løysing. I mitt hovud er det lurt å planlegge landinga før tanken er tom særleg av omsynet til dei som kjem etter oss, og alle dei flotte kompetente folka som i dag arbeider i olje og gassnæringa.

Birgit Oline Kjerstad, SV.