Lesarinnlegg:

- KrF i regjering er ein garantist for Nordmøre

Leiar i Sunndal KrF, Ingunn Karijord. 

Meninger

Denne veka kom det stadfesting frå Samferdselsdepartementet at dei gjennom statsbudsjettet skal gi pengar til Statens Vegvesen som skal brukast på utbedringsstrekningar.

Riksveg 70 frå Oppdal til Kristiansund er ei slik strekning, og det er enno fleire delar av strekninga som treng forbedringar. Nemnast kan Gråura, Snøvassmelan, Elverhøy bru og strekninga Fuglvåg camping - Tingvoll kommunegrense.

Prosjektet samferdselsdepartementet ved statsråd Knut Arild Hareide (KrF) ønsker pengane skal brukast til, er oppgradering av passasjen ved Elverhøy bru på Grøa. Det betyr ny bru og utbedringar i tilknytting til brua, mellom anna med nytt kryss med dei to kryssande fylkesvegane ved brua.

No er det eit håp at det kan bli oppstart på dette allereie ein gong i 2022.

Som innbyggar av Grøa er eg sjølvsagt svært nøgd med at den trange og gamle brua snart blir historie, slik at det blir tryggare å ferdast over brua, både for fotgjengarar og bilistar.

Som KrF-politikar er eg sjølvsagt stolt fordi KrFs statsråd sikrar desse pengane til utbedring av denne vegstrekninga på Nordmøre.

Som innbyggar av Nordmøre er det godt å sjå at regjeringa sikrar trygge vegar i vår region. Trygge vegar for alle bilistar er svært viktig. Dette er ei strekning kor det ferdast mykje tungtrafikk, og då er det ekstremt viktig at vegane dei ferdast langs, er trygge og framkommelege.

Kan slike små grep i vegnettet bidra til å halde Nordmøre samla? Dessverre ikkje - men eg skulle ønske det. For Nordmøre treng å stå samla i tida framover - samla som ein del av Møre og Romsdal.

Då førstekandidat til Stortinget, Harry Valderhaug, og statssekretær i Samferdselsdepartementet Ingelin Noresjø besøkte Nordmøre nyleg, var Noresjø tydeleg på at svingen ved Fuglvåg Camping i Ålvundfjord er viktig å få utbedra. Det er derfor grunn til å tru at det vil komme fleire friske pengar frå Samferdselsdepartemenet som skal gå til oppgradering av denne delen av riksveg 70.

Med KrF vidare i regjering, er dette ein garanti for pengar til oppgradering av vegar - også på Nordmøre.

La oss stå saman om Nordmøre - og KrF. Godt val!

Ingunn Karijord,

lokallagsleiar,

Sunndal KrF