Haljan – snart bør dette bli OL-grein

Det uoffisielle (?) VM i haljan er avvikla i verdige former på Gravem, ser eg. I god lokalpariotisk ånd blir det i pressa framstilt som eit typisk sunndalskortspel. Dette kan nok forsvarast, men at det skal vera oppfunne i Sunndalen, er kanskje meir tvilsamt.

  Foto: Illustrasjon: Alf Ivar Bruseth

Meninger

Halian lærte eg meg i ganske tidleg barndom. I jullaga spela vaksenkarane halian til langt på natt. Var vi ungane riktig høgt betrudd, kunne vi få steppe inn ein omgang dersom ein av deltakarane måtte ut i eit nødvendig ærend. Stemninga kunne bli høg, korta small i bordet og replikkane small like hardt i veggene. Eg kjem ihau det var ein som greidde å «sætt» for ein annan slik at denne ikkje fekk til å stikke ned sjøl om korta hans absolutt skulle tilseie det. «Nei, du e da ein færdømmelshørkelgadd au læll!» var kommentaren.