Leserinnlegg:

- SP/AP regjeringa + Høgre og SV, sviktar « vanlige folk»

«Vanlige folk får jammen no berre betale rekordhøge drivstoffprisar, og høg straumpris, medan Norge tek inn hundrevis av milliardar kr med skyhøge gass og oljeprisar»

Frank Sve, Stortingsrepresentant, og fraksjonsleiar for FrP i Energi og miljøkomiteen.  Foto: Sigmund Tjelle

Meninger

FrP fremma framlegg om å kutte drivstoffprisane med 3 kr literen og straumprisen med omlag 3000kr pr husstand ut året, - skulle berre mangle no når staten får haugevis med ekstrainntekter gjennom skyhøge gass og oljeprisar.

Neida, dette stemte SP/AP regjeringa samt Høgre og SV imot, og prøver å lure vanlige folk med at dei faktisk har gjort noko ved å auke bostøtta og sosialhjelp.

Vist er det bra å auke bostøtta og sosialhjelp til dei som trenger dette, men dette hjelper fint lite for heilt vanlige familier og næringslivet.

« Eg er skuffa, skuffa over å høyre finansminister Trygve Slagsvold Vedum som brått har mista både munn og mele, og framstår totalt handlingslamma»

No er det brått ikkje så viktig med gode rammevilkår i distrikta, når vi no høyrer både næringslivet og folk flest i heile landet slit med dei skyhøge utgiftene.

«Ta heile Norge i bruk der du bur, bryr altså ikkje SP og Finansminister Vedum seg mykje om for tida»

Eg og FrP kjem til å kjempe vidare for billigare drivstoff og straum til vanlige folk, folk flest og næringslivet.

Vi gjev oss aldri !

Mvh

Frank Sve

Stortingsrepresentant, og

fraksjonsleiar for FrP

i Energi og miljøkomiteen.