Lesarbrev

Kvifor er det viktig at Vistdal bofellesskap skal bestå?

"Når alle tenester skal kome frå Eidsvåg er vi bekymra for responstida når ein tryggleiksalarm blir utløyst. Kor lenge er det rimeleg at ein skal vente på hjelp? Korleis vil dette vere når det er vinter og dårleg føre over Vistdalsheia?"

Levande bygd: Vistdal bofellesskap er viktig for oss også for å behalde ei levande bygd, skriv bygdekvinnelaget. Bildet er frå eit politikarbesøk i sommar.  

Meninger

Vi har med stor bekymring sett at kommunen vil legge ned Vistdal bofellesskap. Her er våre tankar om kvifor det er så viktig at dette ikkje blir gjennomført.

Vistdal bofellesskap er ein heim der dei som bor der skal kjenne seg trygge, få omsorg og vere verdsett som bygdas seniorar. Slik har det vore gjennom mange år og slik vil vi at det skal få vere.

Trass i at ein blir eldre og treng ein tilrettelagt bustad får ein fortsette å bu der ein høyrer til. For mange gjer det det noko enklare å flytte. Å bu i fellesskap med andre som kjem frå same bygd, lokalmiljø, gjer at dei har fleire felles kontaktpunkt som ein kan samtale om. Bebuarane har kjennskap til mange av dei same menneska og plassane. Dette er meiningsfullt, trygt og stimulerande. Dei kjenner kvarandre frå før og har felles erfaringar som ein kan starte meiningsfulle samtalar om. Dette er viktig for livskvaliteten.

At fleire av dei som arbeider på bofellesskapet også kjem frå lokalmiljøet er med å styrke dette. Det er ein verdi at dei som arbeider der har kjennskap til kven bebuaren var før han/ho flytta inn på bofellesskapet. Dei eldre kan også bidra med sin lokalkunnskap, sine forteljingar. Dette er positivt for begge partar. Det handlar om livskvalitet for dei eldre.

På bofellesskapet vil dei også ha måltidsfellesskap. Dette har vi sett er viktig. Mange eldre synest det er lite hygge i å ete måltida sine for seg sjølv. At nokon dekker bordet og serverer maten vil stimulere til at dei får i seg meir mat. Ernæring og fellesskapet rundt bordet er viktig.

Men bofelleskapet i Vistdal er også viktig for dei eldre i Vistdal som bur heime og treng hjelp i kvardagen sin. Å kjenne den som kjem som heimehjelp er verdifullt og viktig. Eit trygt tillitsforhold gjer tenesta sikrare og bedre. Heimehjelpa kan fange opp signal om endringar hos den eldre, og det vil vere meir naturleg å snakke om det som kan vere vanskeleg. Arbeidet kan utførast med bedre kvalitet når heimehjelpa er kjent med bustaden og den som bor der.


Med dagens ordning køyrer heimetenseta i Vistdal ut frå Vistdal bofellesskap morgon og kveld. I tillegg blir maten bragt ut av dei som arbeider ved bofellesskapet. Heimesjuketeneste kjem frå Eidsvåg.

Dersom nokon i bygda utløyser tryggleiksalarm blir det rykt ut frå bofellesskapet.

Blir bofellesskapet lagt ned må alle tenester kome frå Eidsvåg. Det betyr ca 40 km køyring kvar veg, inkludert ein fjellovergang på 500 m.o.h. Dette medfører at dei som arbeider i heimetenesta vil måtte bruke mykje verdifull arbeidstid til å køyre bil. Ein slik bruk av heimehjelp vil kreve auka ressurs om brukarane skal få same tilbod som dei har i dag. Så mykje arbeidstid brukt til bilkøyring i staden for å utøve profesjonen sin kan neppe vere tilfredsstillande for den som skal ta vare på helse og omsorg.


Når alle tenester skal kome frå Eidsvåg er vi bekymra for responstida når ein tryggleiksalarm blir utløyst. Kor lenge er det rimeleg at ein skal vente på hjelp? Korleis vil dette vere når det er vinter og dårleg føre over Vistdalsheia?


Vi merker oss at det blir peika på at det må brukast mange millionar på vedlikehald på bygget. Dette er ein konsekvens av manglande vedlikehald gjennom mange år. Det er ille at dette skal gå utover dei som gjerne vil fortsette å bu på Vistdal bofellesskap.

Vistdal bofellesskap er ein viktig arbeidsplass i bygda. Dei fleste som jobbar der er busett i Vistdal. For at unge familiar skal busette seg i bygda er det viktig med arbeidsplassar slik at ikkje alle må pendle ut av bygda. Å få jobb ved bofellessapet kan vere avgjerande for at nokon etablerer seg her.

Vistdal er ei bygd med aktivt landbruk. Å kombinere arbeid på bofellesskapet med arbeid på garden har vore ei god løysing for fleire. Dette har vore med å gje fleksibilitet for den som skal fylle opp vikarbehovet.


Skal vi bruke offentleg transport for å besøke ein ektefelle, ei bestemor eller bestefar, ei mor eller ein far som har flytta til Eidsvåg, må vi ta buss ca kl 8 og vil kome heim att kl 15-15.30. Er det ikkje skuledag er det ingen buss. Det er ikkje alle som køyrer bil sjølv.


Norges bygdekvinnelag arbeider for levande bygder. Vistdal bofellesskap er viktig for oss også for å behalde ei levande bygd. I dag har vi bofellesskap, skule, barnehage og butikk. Blir noko av dette borte er vi svært bekymra for ringverknadane.


Det er ikkje alle bygder som har eit bofellessap, ikkje alle som får behalde sine eldre i bygda, slik som vi. Vi har vore heldige som har hatt «heimen» sidan slutten av 70-talet.

Vistdal bofellesskap er viktig for at Vistdal skal fortsette å vere eit levande bygdesamfunn i utkanten avMolde kommune.

Vistdal bygdekvinnelag