Lesarbrev

Kommentar til Bjørn Jakobsen sitt lesarinnlegg i RB og Driva

"Bjørn Jakobsen har, saman med fleire andre, motarbeid og underkjent vedtak i Nesset kommunestyre."

Arild Svensli er kommunestyrerepresentant for Høgre og er styreleiar i Molde Eiendom.   Foto: Elin Høstmark

Meninger

ørn Jakobsen har, saman med fleire andre, motarbeid og underkjent vedtak i Nesset kommunestyre. Jau da, eg tenkjer på Raudsand. Det verkar for meg som om han no prøvar å toe sine hender og på ein måte byggje opp tillit til oss her i indre.

Men me må ikkje let oss lure.

Det vil stå som ein påle i Nesset si historie at han, og fleire med han, har øydelagt for mange grøne arbeidsplassar og grøn industribygging i mange tiår. Så nok ein gong, me må ikkje let oss lure.

Når det gjeld Vistdal Bofellesskap (VB) så bør dykk lesa kva han meir enn antydar:

Det verkar for meg som om han meiner at me ikkje treng å pusse opp VB, men drive det vidare «billeg og bra» . Altså slik som det står idag.

Har han vore der på befaring tru? Me som kjempar for å oppretthalde Bofellesskapet i ein eller annan form, bør ikkje bli anklaga for at me vil leggja det ned.

Eg kan heller ikkje unngå å kommentera at det blir framstilt som om at Molde eiendom KF ikkje fylgjer kommunestyrevedtaka. Det var eit fleirtal i budsjettmøtet i Molde kommunestyre i desember i fjor, som vedtok at Molde eiendom KF skulle pusse opp i Vistdalen over eige budsjett.

Molde eiendom KF gjer det som kommunestyre bestemmer, men det må fylgje pengar med - viss ikkje så må det pekast på kva som ikkje skal gjennomførast. Som til dømes brannsyn- nye heisar- kjøp av boligar til trengande eller noko anna. Det vanskelegaste i politikken er å finna dekning til alle dei gode forslaga som kjem fram. Ein skulle faktisk tru, og kanskje til og med forlange, at så mange drevne politikarar som her er i sving, skjønar at det må følgje pengar med.

Dette tøvet om at TEK17 ikkje er noko å taka hensyn til, bryr eg meg nesten ikkje om å kommentere. Det er sjølvsagt at kommunen må halde seg til dei reglane som alle må fylgje når det skal renoverast eller byggjast nytt. Det skal både bebuarar og tilsette kunne stola på. Skulle berre mangle.

Eg har til dags dato ikkje snakka med nokon politikar i Molde kommunestyre som har sagt at dei garantert vil leggja ned i Vistdalen. Men eg har lese om nokre som ikkje syns det er nødvendig å pusse opp, men å drive det vidare slik det er idag med alle dei feil og manglar som er.

Arild Svensli, kommunestyrerepresentant H
Leder Molde eiendom