Ordsmed Tor Erik Jenstad

Eg ser at somme meiner det skal helsast «god jul» før og «gledeleg jul» etter julkvelden ...

Så er det diskusjonstema (blant anna i Eides språksjov) korleis ein tiltalar og helsar kvarandre ved desse tider.

Illustrasjon: Alf Ivar Bruseth 

Meninger

”God jul” er vel gangbart både før og etter julkvelden. Eg ser at somme meiner det skal helsast ”god jul” før og ”gledeleg jul” etter julkvelden, men det verkar unaturleg på meg. Slik eg kjenner til det, kunne ein bruke ”god jul” både før og etter, medan helsinga ”te løkk med jul’n” kunne brukast til den ein møtte frå og med morgonen første juledag. Dette er/var vanleg omgangsform også i Trøndelag. Men det er absolutt ingen fasit eg kjem med; de må sjå det meir som ein dokumentasjon av julehelsingsskikkane slik eg opplevde dei i mitt oppvekstmiljø på 1960-talet. Helsingar er i det heile nokså ustabile. Berre tenk på kor ”hei” som avskjedshelsing har spreidd seg i den siste generasjonen.