Leserinnlegg

Klinkabåten blir kulturarv hos Unesco

Dette skulle dei ha visst - han Ola Sakså og han Arne Nessa, han Ola Skoglund, han oldefar, han bestefar, onkel Ivar, Lars nabo og dei andre båtsbyggjarane: UNESCO har innlemma klinkabåten i «Menneskehetens immaterielle kulturarv»!
Meninger

Vedtaket frå like før jul set sjøbrukshistoria vår inn i ein ærerik samanheng. Det er som taktfaste smell frå klinkhamrane i Arbeidshuset, Svala og Geilnaustet blir no tidlaus musikk med ekko frå tusenårs båtsbygging på gammelmåten!

Avleggs?

Desse gammaldagse robåtane vi vaks opp og fiska småsei med! Rekna som avleggs. Brende som tennved og sankthansbål. Erstatta med glatte etterlikningar i glasfiber og plast.

No har verda gjenoppdaga dei! Vi har ein unik kultur å ta vare på. Større ære kunne neppe dei dyktige, men så beskjedne, båtsbyggjarane oppnå. Klinka robåtar var jo daglegdags og handverket så sjølsagt her i fjordbygdene. Men «immateriell» er vel ikkje denne kulturen? Stamnar, båtsbord og band er da laga av svært så handgripeleg material!

I 2003 vedtok FN konvensjonen om vern av «verdensarv» innan språk, kunst, skikkar, handverk, ritual, natur og kunnskap. No har kystlag, museum og foreiningar i årevis jobba for å få dei nordiske klinkabåt-tradisjonane inn som arv hos Unesco, altså under sjølvaste FN. Og etter påverknad frå eit samla Norden sidan 2014 vart klinkabåten godkjent no i haust!

Levande arv

Valsøyfjordingar, tustningar og bøfjordingar kan slå fast at det var rett og framsynt å ta vare på slike båtar, bygge nye og gjera denne del av fjordkulturen aktuell i notid og framtid. No opnar kanskje det offentlege for meir verdsetting og økonomisk støtte til lag og entusiastar som alltid har halde denne kulturarven ved like og gjort den synleg.

Fremst hos oss står Norsk Geitbåtmuseum i Valsøyfjorden med verkstaden Husasnotra. Attåt landleg arkitektur har Jon Bojer Godal og «næmingane» hans der klinkbygd og vedlikehalde geitbåtar i pakt med tradisjonen. Prakteksemplar er «Hjelmkonnå», kyrkjebåten til Bøfjorden Historielag (2009), «Fjordamerra» (Aure) og «Halsabrura». Som tilnærma kopiar av «Fjordamerra» frå 1843 viser dei at arven i høgaste grad er levande!

Byggeteknikken

Klinkabåten finn vi i mange variantar – frå pram og færing (både geitbåt og nyare type) via kyrkjebåt, torskegarnsbåt, motorbåt (sjark), dorry og notbåt til litt større jekter og skøyter. Dei historiske linjene går tilbake til jarnalderen og vikingskipa.

Byggeteknikken er særprega ved at borda overlappar kvarandre og er «klinka» saman med spikar. (Denne blir framleis kalla «båtsaum», ettersom borda i gammal tid var sydde, «sauma», ihop med f.eks. dyresener.) Med nyare teknikk blir dei festa til kvarandre med gjennomgåande båtspikar av jarn eller kopar. Spikaren (saumen) blir kutta på innsida, påsett stoppskive (roe, «ro») og hamra slik at saumen pressar borda mot kvarandre og roa ikkje glir av.

Den andre hovudmåten å laga trebåtar på, er kravellbygging. Her består skroget av plankar som er sette oppå kvarandre kant i kant. Dette gjeld større farty som klassiske segskuter, fiske- og lastebåtar.

Utsida på båtane (borda, plankane) kallast «huda». I mange tilfelle er større klinkabåtar i ettertid pålagt plank - «forhudd omatt», som det heiter. Det vart for eksempel gjort med frakteskuta «Kvitholmen» i Bøfjorden.

Dyktige fagfolk

Blant lokale meistrar frå dei siste 150 åra finn vi Ole Andersen Reiten («Ola Sakså», fødd ca 1845) og Lars Johnsen Bøe (1853-1921, Bøgeilen). Ola skal ha bygd rundt tusen geitbåtar og vart heidra med Kongens Fortenestemedalje i 1931. Eit flott verk av han er «Fosnabåten» frå 1870-åra, som lengde høyrde til på Heggem i Bøfjorden. Eigar no er Åsmund Tømmervåg.

Lars «Geilå» sin kunst er bevart i geitbåtfæringen (overgangstype, ca 1900) frå Dreyerstua – no på Bøfjorden Sjøbruksmuseum. Lars var uvanleg finhendt – «han smia like fint med tolekniven som andre høvla med pusshøvelen», sa dei om han.

Sønnen til Lars, Bernt L. Bøe (1880-1956, bestefar til artikkelforfattaren) førte historia vidare ved å bygge større klinkabåtar tilpassa motordrift. Som importør av Perfection-motorar («Perfekt») frå Amerika spela han såleis ei betydeleg rolle i moderniseringa av fiskebåtar og fjordatrafikk.

Frå Bøfjorden på 1900-talet nemner vi også Ivar Bøe (sønn av Bernt L.), Lars E. Bøe («Ila»), Ola Bøklepp (Skoglund) og Arne A. Bøe. Sistnemnte var opplært av faren Anton og laga sjøl eit halvt tusen båtar! Den siste som praktiserte klinkbygging i Bøfjorden, var Gunnar Bøklepp (Skoglund, sønn av Ola), som i heimenaustet bygde ein motorbåt i 2003.

«Talgsjøen» - stor kjeldeverdi

Av Bernt L. Bøe sine båtar nemner vi spesielt «Talgsjøen» frå 1922, som Nordmøre Museum i 1980-åra overtok etter familien Langholm på Tustna. Museet skriv: - Båten representerer overgangsperioden fra seil til motor – en typisk, men i dag svært sjelden representant for en epoke i vår fiskerihistorie. Den var formet som en seilende torskegarnsbåt fra slutten av 1800-tallet, men fikk satt inn motor fra første stund. Det tok tid før båtbyggerne forstod at vekten av motoren og båtens oppførsel i sjøen under motordrift krevde skrog med annen utforming. «Talgsjøen» er derfor en stemme fra seilfartøyenes siste generasjon og motorfartøyenes første generasjon i en og samme båt.

Dessverre vart «Talgsjøen» skadd under nyttårsorkanen i 1992 og seinare påtent av vandalar i Kristiansund. - Restene inneholder fremdeles stor kildeverdi, skriv likevel Nordmøre Museum. – Som kilde til norsk og nordmørsk båtbyggertradisjon er den uerstattelig.

Folk i Bøfjorden vil hugse skulebåten «Bøsund», som var bygd av same mann og var heilt lik «Talgsjøen». Men kanskje visste ikkje alle at «skulbåten» til slutt gjekk som fritidsbåt på Seinen ved Paris? Klinkabåtar frå Svala i Bøgeilen og andre små «verft» har mykje historie å vise til, ser du!

Det er unekteleg stort å vite at denne delen av sjøbrukshistoria vår no er komen inn i det ærverdige selskapet hos Unesco og FN!

ES. Lesaren ser at vi på tvers av ordlista skriv «båtsbyggjarar» med «s». Det er i pakt med lokal uttale og slik også ein del av denne kulturhistoria. DS.

Bøfjorden Historielag ved Bernt Gudrunson Bøe