Leserinnlegg:

Møreaksen under lupa!

«Møreaksen bør vere ei viktig sak for Riksrevisjonen, då skattebetalarane sin pengar ikkje skal sløsast vekk på prosjekt som folk flest ikkje vil ha»

  Foto: Stortinget

Meninger

Eit stort fleirtal av befolkninga her i fylket har klart slått fast at dei ynskjer fortsatt ferjer eller Romsdalsaksen som kryssing av Romsdalsfjorden.

Dette har sjølvsagt ikkje Statens vegvesen fått med seg, der dei fortsatt turar fram med Møreaksenprosjektet som må vere norgesrekord i sløsing av skattepengar.

Det er skremmande å sjå at også leiande personar i denne etaten, ikkje har fått med seg at Statsetatar skal jobbe FOR folket, ikkje imot.

Når Riksrevisjonen får sett på Møreaksensaka og skandaleavsløringane som Tidens krav avslørte, reknar eg med «pipa får ein anna låt» både her og der.

Heldigvis blir det ikkje løyve ei krone til oppstart av dette prosjektet dei neste fire åra i Stortinget, og då går dette prosjektet djupt ned i skuffa av hjelpeslause statsprosjekt som heldigvis har vorte skrinlagt.

Uansett er det viktig at slike prosjekt kjem grundig under lupa, for å hindre at slike store feilgrep og sløsing med skattebetalarane sine pengar ikkje skjer igjen.

Frank Sve, fylkesleiar og stortingsrepresentant for Møre og Romsdal FrP.