I ei villmannstid

Kommentar fra Eivind Hasle.

Eivind Hasle 

Kommentar

Det gjer vondt å registrere at vi synest å vere på full fart inn i ei global villmannstid. Ein ting er at mange internasjonale statsleiarar, med vår viktigaste allierte i spissen – ikkje synest å ha noko slags respekt for internasjonal rett og FN-vedtak, når USA til dømes både godkjenner Israels flytting av hovudstaden sin til Jerusalem, og landets okkupasjon av Golanhøgdene som tilhøyrer eit naboland. Samtidig er fordøminga krystallklar når det gjeld t.d. Russland erobring av Krim. Og medan den internasjonale spenninga i verda stig, synest våpenkapplaupet og atom-strategien stadig meir intens og tillokkande, ikkje minst i vårt nærområde.

Den manglande viljen til å følgje og styrke ein internasjonal rettsorden, syner seg og i holdninga til sluttoppgjeret med Den islamske staten (IS). Mange land synest å ville overlate heile ansvaret til kurdarane, Syria og Irak, og vil helst ikkje ha noko med korkje soldatar, kvinner og barn å gjere. Det står i grell kontrast til den store innsatsen den norske regjeringa gjorde for dei to norske dødsdømde leigesoldatane i Kongo for 2 år sidan, då statsministeren til og med avbraut 17.mai-feiringa si for å fortelje det glade bodskap om heimhentinga av Joshua French.  I dag synest det uoverkommeleg for norske styresmakter å bidra til å hente heim uskuldige 30-40 born av IS-foreldre i leirar i Syria, trass i daglege rapportar derifrå gjennom internasjonale hjelpearbeidarar og journalistar.  Noreg har ikkje noko spesielt godt rulleblad når det gjeld behandlinga av norske krigsbarn – og regjeringa i dag synest å sjå det som gunstigare for både Noreg og verda at det veks opp ei gruppe på fleire hundre ungar i Midtausten i håplause oppvekstvilkår og med eit stort hat til foreldra sine heimland. At til dømes Frankrike og Russland har sett seg tent med og moralsk og juridisk forplikta til å ta ansvar for sine barne-borgarar i IS-land, og at norske humanitære organisasjonar og kyrkjeleiarar har kome med sterke oppfordringar, gjer vel neppe inntrykk på den norske regjeringa vi for tida har.

Det styrkar ikkje trua på Noreg som eit godt land i og for verda!

Eivind Hasle
6650 Surnadal