Erling Rød etterlyser ei betre klårgjering av korleis steinsettinga av turstien til Prestaksla har ein positiv innverknad på folkehelsa. Etter vår oppfatning vil tilretteleggjande tiltak som t.d. steinsetjing, gjere det enklare for fleire å kome seg ut i naturen. Turstien til Prestaksla er til saman på 5,5 km. Steintrapper blir bygd i dei brattaste partia og vil utgjere om lag 30 % av lengda.

Då Eidsvåg idrettslag tok si avgjerd om å oppgradere den populære stien opp til Prestaksla, var serleg dei brattaste partia prega av stor terrengslitasje med gjørme og blottlagte røter. Mange tykte at vegen opp til toppen vart for krevjande og farleg, og valde bort den populære stien. Vi opplevde óg beinbrot og andre personskader som fylgje av dette. Vår vurdering vart difor at steinsetting av dei brattaste partia var heilt naudsynt både av omsyn til vern av naturen, og for å gjere stien betre tilgjengeleg for brukarane.

I plana som ligg til grunn for Prestakslaprosjektet, har kommunelege André Liepelt kome med ein uttale om stien ut i frå eit folkehelseperspektiv, der han mellom anna seier:

« - Undertegnede kjenner ikke til noen stier eller løyper i området her som er så godt egnet til helseformål. Den er lett tilgjengelig for hoveddelen av befolkningen her inne i Eidsvåg.

De siste to årene har likevel en del av de jeg møter på kontoret, klaget over at stien i øvre halvdel mot toppen er blitt krevende, våt og glatt og delvis udefinérbar, noe som har fått flere og flere til å velge bort denne fine ruten.»

Rød fastslår at «Målle har fullt opp av stiar og vegar», og at «mållingane har det bra.». Folkehelseprofilen for 2022 frå FHI som Rød viser til, stadfestar vel óg det. Det var likevel ikkje til hindring for at Molde kommune prioriterte Prestakslastien på 1. plass mellom dei 23 søknadene om spelemidlar.

Utbetring av turstien til Prestaksla er eit privat initiativ i regi av Eidsvåg idrettslag. Vi som engasjerar oss i prosjektet, opplever entusiasme og positivitet omkring tiltaket. Vi har motteke stor støtte frå lokale og regionale fond, frå bankar og lokalt næringsliv elles. I si grunngjeving frå næringslivshald, går det igjen at ein ynskjer å støtte tiltak som har positiv innverknad på folkehelsa og som får folk ut i naturen.

I fjor haust kom vi i gang med bygginga av turstien, med utbetring av gjørmehol, omlegging av traséar og bygging av steintrapper. Vi opplever ei stor auke i trafikken frå folk, både lokale og tilreisande. Eg har enno til gode å høyre negative utsegner. Mitt inntrykk er at dei fleste ser på tiltaket som eit framsteg. Framstegspartiet seier om temaet: «Tiltak for å bedre folkehelsen handler om tilrettelegging for å kunne gjøre gode valg, og for å få flere i gang med fysisk aktivitet.» Det seier vi oss samde i.

Vi er difor så frie å ynskje Erling velkomen til å prøve turstien til Prestaksla.

Ulrik Sverdrup Molton