Og framtida, den må vi vere med å forme, alle som ein.

Vi har ei god folkehelse her i landet. Dette har vi tal på, bl. anna på grunn av at folkehelseinstituttet overvåkar folkehelsa. Alle kommunar kan finne informasjon om folkehelsa i akkurat si kommune, - følgje med utvikling over tid, og slik sette inn riktige tiltak, og bidra til å skape ei god framtid for sine innbyggjarar.

At vi har god folkehelse ser vi også i det at vi har fått ein betrakteleg høgare levealder dei siste åra, men på grunn av alle livsstilssjukdomane som vi har pådratt oss i dei siste tiåra, er det framleis mykje arbeid att for at folkehelsa skal bli enno betre. Her har alle og ein kvar av oss eit sjølvstendig ansvar.

At god folkehelse blir skapt utanfor helsevesenet, det må det ikkje vere tvil om. Å tenke folkehelse i all planlegging, bl. a universell utforming på alle bygg, offentlege som private, er viktig og svært nødvendig, for at folk skal meistre kvardagen sin, også dei som har ulike begrensningar for utfoldelse. At det blir lagt til rette med gang og sykkelvegar, gode turstiar som alle kan bruke, også folk med barnevogn eller rullestol o.s.v er tiltak som kan bidra til bedre folkehelse. At samfunnet er tilrettelagt for at unge som gamle kjem seg ut i naturen og får bevege seg i frisk luft er eit «must». Inkluderande arbeidsliv, med plass for alle, - også menneske med utfordringar i høve til ordinært arbeid, er viktig. Og at alle har tilgang på kulturelle opplevelsar, også dei med dårleg økonomi, er viktig for trivsel og meistring, ikkje minst for borna. (jfr. Opplevelseskortet).

Eit godt helsevesen med høg kompetanse som blir riktig brukt, er også eit vesentleg bidrag til god folkehelse, som vi ikkje kan kome utanom. At vi har ein godt fungerande helsestasjon og skolehelseteneste der bl.a helsesøstrene bidrar til at vi får trygge barn og ungdommar med eit godt sjølvbilde, er svært viktig.

Før var definisjon på god helse fråver av sjukdom. Denne definisjonen er avlegs for lengst. Vår noverande helseminister sei at God helse har ein når ein meistrar liva sine, med dei utfordringar ein måtte ha, og lever bra med dei. Dette er ein fin måte å sjå det på.

Det er dette vi i helsevesenet må hjelpe til med. Derfor er det så viktig å vere klar over at sjukepleie på alle nivå også er ein del av folkehelsearbeidet.

Sjukepleiarar arbeider i alle fasar i livet, frå vugge til grav. Ja, liketil før fødsel er jordmora inne i bildet, og bidrar med sin kunnskap og kompetanse. Faktisk så viser forskning at dei vordande foreldre som går til kontroll hos jordmor er dei mest fornøgde. Tryggleik og meistring i rolla som foreldre for første gang, kan spare samfunnet for store utgifter seinare.

Sjukepleiarar kan gjennom sitt arbeid på ulike felt bidra til sunne levevaner, livsstilsendringar, påvirke risikoforhold, og sette inn tiltak tidleg for å forebygge eller redusere negativ utvikling, både hos enkeltindivid, men også i grupper og i samfunnet generelt.

Det er viktig å ha konstant fokus på dette, og Norsk Sykepleierforbund har derfor folkehelsearbeid som eitt av fleire innsatsområder. Dette gjer vi her i fylket mellom anna ved å ha fokus på temaet både på tillitsvalgtkonferansar og på fagdag på den internasjonale sjukepleiedagen den 12. mai.

Ei god framtid kjem ikkje av seg sjølv, vi må legge til rette for det. Det er som alle veit bedre å forebygge enn å helbrede. Innsatsen skal snuast frå reparasjon til førebygging og helsefremjing, og førebygging må gjerast på alle felt. Utfordringa er at ein ikkje får effekt av det førebyggande og helsefremjande arbeidet umiddelbart. Derfor må det ei tid framover løyvast midlar til både førebyggande og helsefremjande innsats, - og behandling for dei som treng det i dag. Dette bør eit av verdens rikaste land ha råd til!

La oss saman jobbe for ei enno bedre folkehelse. Både kvar enkelt av oss, - arbeidstakarorganisasjonar og ikkje minst arbeidsgjevarar må ta sitt ansvar for folkehelsa. Og til det siste, eg tillet meg å minne på formålsparagrafen i Arbeidsmiljølova: Her er eit lite sitat frå første setning: «å sikre et arbeidsmiljø som gir grunnlag for en helsefremmende og meningsfylt arbeidssituasjon» Er arbeidsplassane helsefremjande, ja då kan berre det på god veg vere med til å skape ei enno betre folkehelse.

Lykke til med å skape neste stopp: Den gode framtida

Gunhild Rolandsen, fylkesleiar