Her kan du lesa om litt tå kvart som har hendt gjennom tidene.

Altmulegmannen oppi Nyhuså, Hans Bævre og familien. «Fjurulangs» frå Saksen til «Bygdevangen» der Sjøbruksmuseet held til - kvar stad står nemnt og fortald om langs stranda. Litt av ei historie! Om «Kyrkjeskutene», og om kyrkjekunstnar Ole J. Kolset(1722-1789) for å nemna noko av innhaldet.

Hans Bævre (1903 - 1991) dreiv bilfirma, skifabrikk, kleshengarfabrikk og fabrikk for tresolar i Bøverdalen. Han var av dei beste skiløparane i området, her komen heim etter Nordmarksløpet i 1979 – på sin 79-årsdag.

Dette er i det heile eit rikhaldig hefte fullt av historier og med bilete frå gamle dagar og nyare tid. Ei årbok som det er verdt å få med seg. Og ei fin julegåve å sende til utflytta Bøfjordingar.

Dette kan Historielaget med redaktør Bernt G. vera stolte av!

Kyrkjeskuta i Hov har ei merkeleg bakgrunnshistorie.

Årboka er å få i bokhandlane og mange nærbutikkar.

God lesnad!

Bernt Bøe har redigert Gamle Nordmør 2022.

Av Kari Sollid Heitmann