«Hurramegrundt! Nå har jeg endelig funnet ut hvilken bunad jeg faktisk har.»

Tilhøyrsle

«Hurramegrundt! Nå har jeg endelig funnet ut hvilken bunad jeg faktisk har. Det er litt småkjedelig å ha en bunad i 8 år, og når folk spør hvilken bunad jeg har, så er jeg ikke helt sikker gitt. Meen nå vet jeg i allefall at det er så meget som en Jordebunad!»

Kjappe googlesøk på ordet «bunadglede» gjev til dømes treff som vist over på sosiale medium. Eksempla er mange. Nå nærmar den verkeleg store bunad-dagen seg, og bunad er viktig for folk. Bunad er historie og identitet, det er viktig for den enkelte kvar den er frå, kven som har laga den og kven som har brukt den før deg. Bunaden er kanskje det einaste plagget som veks i verdi dess lenger den har vore i bruk og til eldre den blir. Du kler ikkje berre på deg ull, sølv, broderi og «gammalt ræl». Du kler på deg historie, identitet, tilhøyrsle, noko bestemor har brukt som barn og ungdom, noko oldemor eller ei grandtante har sydd og streva med ut over dei seine nattetimar, eller noko du har arva etter bestefar og far – rett og slett eit omslyngande, kosteleg smykke.

Vi brukar bunaden som nord-Amerikanarar brukar slektsrøtene sine. Er det ein fling av svenske eller nordmann der, så er den rekna med. Dette illustrerer korleis vi alle har eit behov for å høyre til, treng å ha ein link til røtene våre og kjennskap til kvar vi stikk ut frå. Bunaden illustrerer noko av det same. Det er både viktig, artig og spennande å vite kvar den kjem frå, kven som har hatt den tidlegare, står bak handverket på dei ulike delane, eller kvifor fargen er slik og blomane og mønstra sånne.

Kunnskapen i kjensler og kropp

Kanskje har bunaden din musetaggar, plattsaum, franske knutar, kjedesting eller trådhemper? Kanskje har den nupereller, primhol eller telebinding? Alt dette er viktig immateriell kunnskap, kunnskap i kropp, hender og hovud, og ikkje lett å måle i klingande mynt. Bunaden er ein svært viktig del av den immaterielle kulturarven og den kulturelle kapitalen vår. Bunadbruken står sterkt i Noreg slik det er i dag. Det ligg utallige mange arbeidstimar, mykje arbeid og kunnskap bak kvar einaste bunad, og det ville vera ikkje berre harmeleg, men uoppretteleg, om denne kunnskapen skulle forsvinne.

Foto: Privat

Fem frivillige organisasjonar har gått i bresjen og arbeidd fram ein nominasjonssøknad til UNESCOs representative liste over menneskehetens immaterielle kulturarv, nettopp for å kome denne utfordringa i møte. Noregs Ungdomslag, Norges Husflidslag, Norsk Folkedraktforum, Norsk institutt for bunad og folkedrakt og Studieforbundet kultur og tradisjon har arbeidd fram nominasjonssøknaden; Bunadbruk i Norge, tradisjonshåndverk og sosial praksis, sendt frå staten Noreg i mars 2023. Dersom nominasjonen går gjennom, vil ei innskriving skje i desember 2024. Med dette arbeidet vil organisasjonane søkje anerkjenning frå det internasjonale samfunnet og styresmaktene i Noreg på at bunadstradisjonen er verdifull og verdt å vidareføre. Organisasjonane vil arbeide for betre vilkår og rammer for bunadtilverkarar, sikre tilgang til god informasjon, kunnskapsformidling mellom generasjonar, arbeide for etablering av fleire gode offentlege utdanningstilbod og betre tilgang på læreplassar, og med dette ei styrking av framtidig produksjon av bunader i Noreg. I 2025 vil dei fem organisasjonane legge fram ein strategi for vidareføring og vern av bunadtradisjonane i Noreg.

Bunad er aldri feil

Tenk så kjekt det er med bunad! Aldri treng du tenkje på kva du skal ha på, eller at «du går att» i plagget. Med litt stell og nokre få justeringar kan den brukast om att og om att. Du kan juble deg gjennom mengder av bryllaup og barnedåpar, 17.maiar og ved sveinebrevutdelingar. I delar av landet kan du endatil sørgje deg gjennom ei gravferd i bunad. Meir allsidig plagg er neppe å finne. Den kan brukast på gallamiddag på Slottet, likeså vel som på julekvelden i heimen. Den passar for alle aldrar, er ikkje på nokon arena for utfordrande eller upassande, og den gjev oss noko å snakke om. Bunaden er ein fin isbrytar. Om andre ikkje nødvendigvis er så interessert i bunaden du har på, vil dei kanskje svært gjerne fortelje om den dei sjølve har på. Kvar kjem nå den frå, kven har sydd og har du nokon som skal ha den etter deg?

Du sparer mykje tid på å sleppe å tenkje på kva du skal ha på, og tru det eller ei, du sparar pengar. Sjølv om bunaden er kostbar å skaffe, så har du penklede i fleire tiår framover. Den kan syast inn, ut og opp, og går aldri av moten.

Så, medan vi ventar på Unesco, kler vi på oss bunaden, jublar oss ut i gatene eller inn i forsamlingshusa, et is med heile fjeset, heng på halv tolv i ei zip-line, søler ketchup på skjorta, og gjer alt som høyrer med bunadfesten, stemninga og høgtida – sjølve bunadgleda.