I det ein passerer kanten og det flater ut aldri så lite, så kan ein legge merke til at lyden frå lastebilane nede i dalen blir borte. Det blir ikkje heilt stille, men det ein høyrer er lyden frå elva. Den lyden gjer godt.

Så når ein vollen på Vollasetra. Dei gamle bygningane står der, med fornya innhald. Mellom husa ligg vollen. Kjem ein i rette tida, så ser ein at det er ei praktfull blomstereng med masse surrande insekt. Alt no kan ein snu og likevel seie seg godt nøgd med premieringa.

Men ein kan også halde fram langs stien litt til. På mindre enn ein halvtime har ein passert ytterlegare ein kant, og Volladalen ligg innbydande vidare. Moderne menneske som har sett mykje på nettbrettet sitt tar vel til venstre. Der eit stykke frampå ligg Ekkertinden. Det har blitt ein stad der ein sjølv gjerne vil vere med på biletet saman med utsikta.

Stopp litt! Volladalen treng ein nærare kikk. Denne lange og vide dalen med tindar på fleire hald. I haustfargar er det praktfullt. Ikkje eit inngrep å sjå nokon stad. Det einaste som kan forstyrre litt er om det passerer eit rutefly over. Her er ro. Her er idyll.

Kva er det vi ser? Det er nokon som har tukla med elva. Det er ein betongdam tvers over og eit hus. Dessutan er ikkje elva berre elv, men det har blitt ein vass-spegl også. Dessutan har det blitt ganske mykje mindre elv på nedsida. Når vi kjem ned igjen til Vollasetra så høyrer vi lastebilane inne på vollen. Det er ikkje lyd nok frå elva til å skjule motorlyden.

Heldigvis. Det er endå mogleg å oppleve Volladalen urørt ein sommar til. Men så kan det vere slutt. Sidan 2013 har det vore eit løyve til å bygge kraftverk. Låge straumprisar har til nyleg gjort prosjektet ulønsamt. Naturvernforbundet har håpa i det lengste at det ikkje blei noko av denne utbygginga. Men no ser det altså ut til at håpet ikkje slår til. Viss dei ikkje er i gang med bygging av kraftverket innan 8.3.2023, så fell konsesjonen bort. Dei har bruka dei siste månadene til å planlegge i detalj korleis dei skal lage hol på det urørte. Kven «dei» er? For nokre år sidan overtok OBOS konsesjonen. Etter kort tid fekk kraftselskapet til OBOS nytt namn, «Forte vannkraft», og så blei konsesjonen eller kva det var seld til det som truleg er eit investeringsselskap i Sveits. Samtidig er det ein «småkraftentreprenør» som prosjekterer det heile. Tidlegare arbeidde han for Norsk kraft, men no ser det ut til at vedkomande er knytt til eit konsulentselskap. Samtidig finn ein i Brønnøysundregisteret Småvoll Kraftverk AS med forretningsadresse Mongstugata 9, Sunndalsøra, som anleggseigar. Kven ein skal klage seg til for dette prosjektet er dermed ikkje så heilt opplagd.

De som har vore til Ekkertind eller innover Volladalen, er det greitt for dykk at Volladalen ikkje blir urørt lenger? Vil de gjere noko i håp om at det framleis er mogleg å stoppe dette prosjektet? De må i tilfelle skunde dykk.

Øystein Folden,

fylkessekretær i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal