Budsjettarbeidet er kome i gang i Surnadal. 4. og 5. oktober var over 20 personar på budsjettkonferanse. Folkevalde, tilsette i administrasjonen, fagforeiningsfolk og fleire har vore med.

Tysdag 11. oktober hadde Surnadal eldreråd møte. Her møtte kommunedirektør Knut Haugen opp og orienterte om prosessen rundt budsjettarbeidet i kommunen. Eldrerådet fekk den same informasjonen frå kommunedirektøren som deltakarane på budsjettkonferansen hadde fått. Haugen svara greitt på dei spørsmåla som blei stilte. Regjeringa sitt forslag om fjerning av investeringstilskott til bygging av sjukeheimsplassar/omsorgsbustader og andre bygg for levering av helsetenester blei kommentert. Dette at Husbanken dekkjer 45 % av investeringane til slike bygg har vore til stor hjelp for kommunane. No blir det truleg heilt slutt på dette. For Surnadal kommune representerer dette 20 millionar kroner i ekstra utgifter om 15 nye omsorgsbustader skal byggast. Dette er mange pengar i eit elles stramt budsjett. Eldrerådet fatta eit samrøystes vedtak  lydande slik: «Surnadal eldreråd protesterer på det sterkaste på regjeringa sitt forslag og oppmodar alle lokale politiske parti og kommunestyret til å stille seg bak protesten.»

I avisa Tidens Krav av 11. oktober har kommunestyrerepresentant for Høgre i Surnadal, Ole Joar Bruset, eit lesarinnlegg som har overskrifta «Ikke et budsjett for framtidens eldreomsorg». Bruset peikar i innlegget på sentrale sider ved eldrepolitikken som følgje av forslaget om utkutting av tilskottsordninga vedkomande bygging av sjukeheimsplassar og omsorgsbustader.

Det er viktig at dei eldre blir tatt med på råd når det gjeld oppføring av sjukeheimsplassar og omsorgsbustader. Eldrerådet er ikkje representert i plan- og byggenemnda for Surnadal Helsehus. Eldrerådet har i vedtaks form kome med forslag om å utvide talet på medlemar i plan- og byggenemnda med ein representant frå eldrerådet.

Surnadal eldreråd har fatta følgjande samrøystes vedtak når det gjeld Surnadal kommune sitt budsjett for året 2023: «Surnadal eldreråd viser til Statistisk Sentralbyrå sine framskrivingstal for folketalsutviklinga i Surnadal. Denne viser auke i talet på eldre i kommunen dei komande åra. Dette krev at institusjonstilgangen og tenestetilbodet for dei eldste i kommunen må aukast, og ikkje minskast. Sentralt i denne samanhengen er at talet på sjukeheimsplassar ikkje blir redusert. Talet må aukast.»

Eldrerådet vil på sitt neste møte 24. november kome med sin endelege uttale til komande års budsjett.

Johs. J. Vaag