Graslandet Norge er kaldt, vått og bratt. Vi kan ikkje produsere tilstrekkeleg mat utan at husdyra hjelper oss.

Derfor er det ganske spesielt når alt frå veganaktivistar til somme avisredaksjonar argumenterer mot kjøtt. Dei fremmer eit kosthald der nordmenn skal eta vesentleg mindre av det den norske bonden kan dyrke sjølv utan å forstå eller bry seg om konsekvensane.

I Norge kan vi ikkje dyrke proteinrike bønner og erter i ein skala som monnar for å erstatte mat som kjøtt, fisk, egg og mjølk. På storparten av dyrkamarka vår er det nesten berre gras som veks. Derfor treng vi drøvtyggarane dersom vi skal ha eit landbruk her også i framtida.

Bakgrunnen er at det kjem nye nordiske kosthaldsråd til sommaren. Desse kjem med anbefalingar til norske myndigheiter om å endre våre nasjonale råd. Informasjon frå arbeidet så langt framstiller særleg raudt kjøtt og somme mjølkeprodukt urettmessig som ein klima- og folkefiende.

Dessverre inneheld argumenta mot det kosthaldet nordmenn har vorte store, sterke og lengelevande mykje feilinformasjon. Eit døme er alle påstandane om at vi et mykje meir raudt kjøtt no enn dei siste tiåra. Ja, vi et meir kjøtt i dag enn til dømes på 50-tallet, men dette skuldast hovudsakleg at vi et meir kvitt kjøtt, som kylling. Ein del av forklaringa ligg også i svinekjøtt.

Det viktige poenget er dette: Forbruket vore ganske stabilt heilt sidan 1950-talet og særleg sidan slutten av 70-talet av raudt kjøtt frå drøvtyggarane, som ku og sau. Dette er dei nyttige dyra som omdannar gras til menneskemat i form av både kjøtt og mjølk. Dessverre legg dei nye kostråda truleg opp til ein betydeleg reduksjon av nettopp raudt kjøtt og meieriprodukt.

Svin blir rekna både som raudt og kvitt kjøtt alt etter samanhengen, og er eit viktig dyr i landbruket for å ta unna norsk korn som vi menneske ikkje kan eller vil eta. Men det er kua, sauen og geita vi må hegne særleg om dersom vi skal hindre attgroing og tap av nasjonal matproduksjon.

Norge er både eit hav- og eit grasland, slik Nordmøre er det. Fiskeriressursane er uvurderlege for oss. Det same er landbruket. Problemet er at dyrkamarka og beitemarka veks att dersom vi nordmenn blir skremte frå å eta raudt kjøtt.

Kosthaldsråda skal no ikkje lenger handle berre om ernæring og helse, men også ta omsyn til berekraft/klima. Dei som har arbeidd fram tilrådingane manglar kunnskap om berekraftig landbruk i eit norsk klima. Dei overser husdyras bidrag til biologisk mangfald, kulturlandskap, matberedskap og sosial berekraft gjennom busetting over heile landet.

Senterpartiet vil sikre nordmenn sjølvforsyning nok til å berge oss gjennom komande kriser og krigar der importen stoppar opp. I eit variert kosthald som bidreg til ein anstendig grad av sjølvforsyning inngår kjøtt, fisk, egg og mjølk saman med mest mogleg norskproduserte plantevekster.

Vi må gjerne dyrke og eta meir frukt og grønt i Norge. Men løysinga er ikkje å eta dette i staden for norsk raudt kjøtt og mjølk. Då må vi heller eta mindre importert pasta, bollar og pizza og meir fisk, kålrot, potet og bygg. Slik kan vi styrke sjølvforsyninga og matberedskapen vår.

Vi et berre så vidt over dagens anbefalingar på 500 gram raudt kjøtt i veka. Då er svin med i tala, noko som gjer desse tala dobbelt så høge som om vi hadde målt berre kjøtt frå drøvtyggarane.

På Statsforvaltaren sine sider heiter det: «Møre og Romsdal er eit grasfylke. Grovfôrbaserte husdyrproduksjonar (mjølk, storfekjøt, sau og geit) står for 91 prosent av omsetninga, 92 prosent av verdiskapinga og 93 prosent av sysselsetjinga i jordbruket i Møre og Romsdal. Resten er fordelt på bær/frukt/grønsaker, korn, egg og gris.»

Drøvtyggarane er ikkje eit problem, men ein viktig del av løysinga for nordmenns matberedskap i framtida.

Jenny Klinge

Stortingsrepresentant, Senterpartiet

Næringskomiteen