I regjeringas «Hurdalsplattform» heiter det at regjeringa vil «Øke Norges innsats for kjernefysisk nedrustning».

I tider då ikkje berre Putin og Russland, men også NATO-traktaten og politikarar innanfor NATO-land trugar med bruk av atomvåpen, er vi mange som ser at innsatsen mot atomvåpna trengs.

Men AP/SP-regjeringa ser det tydelegvis ikkje slik. Det må jo vere derfor at sivile organisasjonar som arbeider med nedrustning av atomvåpen, har fått fjerna all støtte i budsjettframlegget.  Det gjeld ICAN Norge (fredsprisvinnar i 2017), Norske legar mot atomvåpen, Nei til Atomvåpen og Norges Fredsråd.

Så når Noreg i tillegg nektar å delta i FN-arbeidet for å drive fram eit internasjonalt forbod mot atomvåpen, og viser så tydeleg «retning» i budsjettforslaget frå AP/SP, skjønar vi at det  er moderne våpen og våpenindustri (inklusive atomvåpen) som i desse tider blir prioritert av regjeringa i «fredsnasjonen» Noreg.

Eivind Hasle 6650 Surnadal