Andre viktige næringsområder i fylket er også under stort press, og det er også dramatisk for både fiskeri og landbruksnæringa. Alt dette på grunn av skyhøge drivstoffprisar og den generelle høge prisveksten.

– Regjeringa ved finansminister Vedum løfter ikkje ein finger, og har ikkje tenkt å bry seg om næringslivet i den kritiske situasjonen, seier Stortingsrepresentant og 1. nestleiar i Transportkomiteen Frank Sve.

Staten og regjeringa tek no inn mange hundre milliard kr ekstra til statskassa med bakgrunn i rekordhøge olje, gass og straumprisar. Rekninga sender Vedum til folk flest og næringslivet.

– Næringslivet får ikkje ei kr i kompensasjon for høge straumprisar eller for skyhøge drivstoffprisar frå regjeringa.

Det kan faktisk sjå ut til at Vedum og co har totalt gløymt næringslivet.

– Har regjeringa og Vedum tenkt å knekke næringslivet, fiskeri og landbruksnæringa?

FrP aksepterer ikkje dette, og har fremma mange framlegg på kutt i straumprisane iform av maxpris 50 øre KWh og kutt med 7-8 kr literen i drivstoffavgifter. Dette er tiltak som skal hjelpe alle, også inkludert næringslivet.

– Eg ber næringslivet i Møre og Romsdal samle seg ilag med fiskeri og landbruksnæringa, og verkeleg utfordre finansminister Vedum. Utfordre han til å snart handle samt reagere, og kome med kraftfulle reelle tiltak for næringslivet, avsluttar Frank Sve.