Jenta sine auge strålte mot meg, og ansiktet skein av lykke der ho smilande, nærast hoppande kom meg i møte og sa «det er kvinnedagen i dag! I dag er det bra å være jente!».

Eg var i Kirgisistan, i ei lita landsbygd eit par timar ifrå hovudstaden. Eg smilte tilbake og var samd i at det var ein god dag, og serverte te og noko å bite i til borne- og ungdomsgruppa som var samla.

Studieturen til Kirgisistan var spanande, men òg veldig tankevekkjande. Vi var komen til ein kultur som framleis opplevde konekidnapping. Eg fekk snakke med nokon unge damer som gjekk på universitetet eit par dagar seinare, som fortalde at det nyleg hadde skjedd med veninna deira. Ho vart tvungen til å straks gifte seg med kidnapparen.

Turen etterlet meg med mange inntrykk. Vi fekk bu og snakke med lokalbefolkninga i nokre månadar, bli kjent med det gode i kulturen deira, samt dei sidene som var skrekkeleg for kvinnene. Jenta som strålte imot meg på kvinnedagen bestemte eg meg for å aldri gløyme. For ho var den internasjonale kvinnedagen ein av årets vakraste dagar; den dagen såg ho at ho som kvinne vart framheva. Eg veit ikkje kvar ho er i livet no, det er over 10 år sidan vi var saman den 8. mars. Men eg vil ære ho her i dag, og løfte opp hennar syn og utvide det til at det skal vere godt å vere kvinne kvar einaste dag, ikkje berre på kvinnedagen.

For KrF er det utruleg viktig at kvart menneske har ein uendeleg og like stor verdi. Det er difor viktig å ta kampen mot tvangsekteskap. Ingen skal måtte gifte seg imot sin vilje.

Victoria Smenes

2. kandidat til Fylkestinget for M&R KrF