Enda ei naturperle skal ofrast, denne gongen i vårt nærmiljø. Det gjeld Svinvika. Det er naivt å tru på forsikringane om at det skal gjerast så skånsamt at ingen ting blir øydelagt, verken garden eller arboreet, men er ein fordel for dei, som vi har høyrt foredrag om. Det er ikkje slik vegbygging foregår i dag, med tilførselsvegar. Ta ein tur nordover og sjå på det nye vegprosjektet mellom Trondheim og Stjørdal. Eller nordover frå Stjørdal, t.d forbi Åsen. Der er det berre nokre få år sidan vegen vart oppjustert til 90 km sone. Det er ikkje bra nok lenger, ein må kunne kjøre 110 km i timen, og da kan den ikkje svinga seg rundt åkrane. Vi trudde det var stor respekt for matjorda i Innherred, men det er det visst slutt på. Det verste vi har sett, er det nye motorvegprosjektet for E 18 på Sørlandet. Ikkje berre blir masse naturområder rassert, men også store jordområder. Vern av dyrkajorda gjeld ikkje lenger. Ein kan mest ikkje tru det er sant når vi skjønar kor kritisk matsituasjonen i verda er på grunn av klimakriser og krig. Og vi greier ikkje brødfø oss sjølve i vårt land. Kor mange krigar må det til før styresmaktene forstår alvoret? For ikkje å snakka om klimaendringane som gjer store område udyrkbare og forårsakar naturkatastrofer. Kanskje kan ein tenkja at dei små jordflekkane rundt om i landet vårt ikkje betyr noko i den store samanhengen, men snart må vi truleg dyrka kvar liten plett for å få nok mat, «når svoltens hær frå land til land bryt opp og krev ei anna verd---» som Edvard Hoem skriv i salmen «Den fattige Gud». (Salme 740, melodi av Henning Sommerro)

Einy Rendal Elgsæther Todalen