Det kan vere ulike grunnar til det. Ein grunn kan vere at ein lovar meir enn ein kan halde. Det kan også oppstå situasjonar som ein ikkje har rekna med.

Ei utvikling i mange kommunar er at talet på eldre aukar meir enn for andre aldersgrupper. Min heimekommune, Surnadal, er ein slik kommune. Framskrivingstala frå Statistisk Sentralbyrå talar sitt tydelege språk i så måte. No er det eingong slik at med fleire i høg alder vil det bli fleire demente personar mellom oss. 60-80 prosent av bebuarane ved våre sjukeheimar er demente.

På dette feltet har og vil Surnadal kommune få ei stor utfordring i åra frametter. Pårørande til demente personar utfører ofte ein framifrå innsats for sine kjære. Det er viktig at desse får avlasting slik at dei ikkje slit seg heilt ut.

Som leiar i Surnadal eldreråd gjennom 16 år og leiar i Surnadal Pensjonistlag i 10 år har eg vore særskild opptatt av dei eldste eldre sin situasjon. Denne aldersgruppa skal behandlast med omtanke og respekt. Oppslag i media viser diverre at ikkje alt er som det skal vere alltid. Dette er forhold som komande folkevalde bør merke seg.

Dei fleste eldre vil bu i eigen heim så lenge som mogleg. Men i høg alder skrantar ofte helsa og da må ein ha eit høveleg tilbod utanom heimen til dei eldste pleie- og omsorgstrengande eldre. Opphald ved sjukeheim vil da ofte vere det beste tilbodet.

I Aftenposten av 8. mars i år (s.23), på kvinnedagen, opplyser Pensjonistforbundet (PF) at helse- og omsorgstenestene er avgjerande for eldre kvinner si helse. Derfor hevdar PF at eldreomsorg er kvinnekamp. Det blir også vist til at dei fleste som bur på sjukeheim er kvinner.

I Surnadal kommune er det ei kjend sak at det har vore delte meiningar om nokre av dei nedlagde sjukeheimsplassane i kommunen skal takast i bruk eller ikkje. Det er også eit faktum at eit fleirtal i Surnadal kommunestyre har stemt ned forslag om å vurdere og utgreie om nokre av dei 8 nedlagde sjukeheimsplassane skal takast i bruk igjen. Dette er fakta som heilt klårt kan dokumenterast ved å gå gjennom protokollane for kommunestyremøta for første halvår i 2022.

Eg har i tidlegare lesarinnlegg sitert ordlyden i dei nedstemte forslaga. Eg finn derfor ingen grunn til å gjenta desse her. Det har heller ikkje til denne tid kome merknader som sår tvil om desse kjensgjerningane. Heldigvis ser det ut til at desse fastlåste frontane ikkje er så bastante lenger. Og bra er det.

Dei eldste eldre sin situasjon bør takast på høgste alvor! Derfor er det så viktig at det som blir framført i valkampsamanheng er til å lite på.

Det er all grunn til å gi stor ros til tilsette i helse, pleie- og omsorgstenestene, pårørande og frivillige aktørar for gjennomgåande framifrå eldreomsorgsinnsats rundt om.

Johs. J. Vaag