Fleire gonger den siste tida har avisa bruka feil stadsnamn på planlagt bustadfelt på Øye. Om det er noko journalistane har kome på sjølve eller om dei har vorte feilinformert av kommunale etatar skal vere usagt. Men vennligst ta med ein A  i ordet for ettertida, så lia på Øye, Øyagardslia,  får behalde det namnet den alltid har hatt.

Eg er sjølv Øyamoing. Eg gjekk på Øyaskulå og åt Øyakyrkjåinn. I Øyagardå er det fleire fine gardar. Oppover Øyagardsliene er det fint å gå seg turar, og kanskje kjem det og snart opp hus her. Men Øygardslia, nei den har eg aldri høyrt sagt av. Den er i alle fall ikkje her på Øye, for eg har budd her i all mi tid.

Av Reidunn Halle