Å ta vare på sårbare grupper er ei av fanesakene i MDG. Vi i Surnadal MDG ønsker ein politikk der vi tek vare på kvarandre, der kommunen sørger for at så mange som råd av innbyggarne har eit godt og meiningsfullt liv. Eldreomsorg er i den sammenheng eit sjølvsagt satsingsområde. Men kva er eldreomsorg? Nok sjukeheimsplasser, omsorgsboliger og Helsehus bemanna med fagfolk og ekte medmenneske står sentralt. Men vi lyt også satse på levande bygder med butikk og møteplasser. Det kan i sin tur føre til at det tek lenger tid før folk ønsker seg til omsorgsbolig. L. Hals i Todalen er eit godt eksempel i så måte, og det samme er butikken i Bøfjorden. Ikkje berre er det kort veg på butikken, noko som er miljøvennleg i seg sjøl, men det er også glimrande møteplassar for frisk debatt og ivaretaking av sambygdingar. Dersom du glimrar med ditt fråvær i ein periode, blir du garantert oppringt eller du får eit besøk for å høyre om du har det bra.

Kjell Gunnar Polden i MDG Surnadal.

Ein sentrumsplan som tar vare på dei eldre som ikkje nødvendigvis treng å ha omsorgsbolig, er også eit tiltak vi i MDG vil gjera alt vi kan for å få til.

Mange både eldre og yngre slit med psykiske utfordringar. Det kan vera mange årsaker til det. Da er det lett å mure seg inne slik at kontakten med andre meir og mindre forsvinn. Utenforskap er svært uheldig, og vi må finne møteplassar og muligheter slik at dette blir unngått eller oppretta. Ei styrking av helsevesenet innan psykisk helse ligg i korta her. Dette vil vera bra for den enkelte, men også for fellesskapet som vi alle er ein del av. Her er samarbeid mellom helsevesen, næringsliv og frivillige sentralt.

Sjølmedisinering og rus kan vera ei løysing for ein del, men det fungerer i beste fall berre på kort sikt. Dette må vi som medmenneske og politikarar, saman med helsevesenet, fange opp så tidleg som råd. Vi må sette inn tiltak som virker. Her snakker vi om hjelp framfor straff. Viss du har eit vanskeleg liv i utgangspunktet, og på toppen skal straffast, blir det enda verre.

Rus er ei utfordring å komme ut av i seg sjøl, men skal du i tillegg ut av eit kriminelt miljø, har ein dobbel dose med utfordringar å komme seg ut av. Tilrettelagte arbeidsplassar og treffpunkt må gjerast lettare tilgjengeleg enn i dag. Alt heng sammen med alt, og det er vanskeleg med eit godt samfunn dersom ikkje alle har det så godt som råd. Det gjeld både yngre og eldre.

Sjøl ressurssterke folk kan ha utfordringar og på sitt vis vera ei sårbar gruppe. Vi skal ta imot flyktningar som kan vera ressurssterke på mange område, men definitivt kan vera sårbare. Her gjeld det å få fram dei sterke sidene til kvar enkelt, og ein startnøkkel her er å sørge for god norskopplæring.

Folk som slit med identiteten sin av ulike grunnar, må få sjansen til å finne ut kven dei er. I eit inkluderande samfunn må dette gå an å få til uten at nokon treng å føle seg annleis eller uglesett. Vi er alle ein del av noko større enn oss sjøl, og som politikarar er det ytterst viktig at vi tar vare på fellesskapet.

Kjell Gunnar Polden

MDG Surnadal