Jamt over vart det ein interessant debatt. Men det var litt trist å oppdage at når det kom til kulturpolitikk, verka det som om fleire av partia hadde skattelette og oppfordring til større frivillig innsats som sine viktigaste tilbod til veljarane.

Surnadal er ingen dårleg kulturkommune. Men i stor grad er det frivillige lag og organisasjonar – med minimal politisk støtte – som dreg lasset. Men sjølvsagt er Kulturhuset (lokalet) og andre samlingsstader viktig. Viljen til å støtte idretten er og stor, anten det gjeld fotball eller skirenning. Det er frivillige organisasjonar som held oppe Vårsøghelga og kunstutstillingane – og i den grad det er økonomisk støtte å få til frivillige organisasjonar, kjem den no frå bankvesenet, ikkje lenger frå målretta kulturpolitikarar.

Viktige kulturområde som etter mitt inntrykk kunne og burde vore satsa sterkare på, er barne- og ungdomsarbeid. Til og med sommarjobb-tilbod for ungdom, har vore vanskeleg å prioritere – og lærlingeplassar til ungdom, vart ikkje nemnt i Driva-debatten. Like eins er det trist å sjå kor lite aktivitet det er på det flotte museumsanlegget Åsen-tunet. Riktignok har kommunen mykje hus å ta vare på, på Åsen, i Svinvika, Kallastua og på Kleiva – og det er ei organisatorisk utfordring å få utnytta alt i gode samspel mellom frivillige og kommunale krefter. Og kva gjer kommunen med språkrøkt i administrasjon og skole og barnehage, både for å ta vare på arven etter Hans Hyldbakk og samtidig styrke Surnadals posisjon som verdas nordlegaste nynorsk-kommune?

Men kulturskolen fungerer svært godt, og er eit stort pluss for musikklivet både i kommunen og langt utover. I tillegg er det viktig å minne om folkebiblioteket, som har gode lokale på kulturhuset, men som har trong økonomi og nok kunne ha hatt romslegare vilkår. Det er avslørande at biblioteket ikkje ein gong lenger ser seg råd til å abonnere på den viktigaste lokalavisa for nabokommunane Rindal og Heim, og at det måtte pådytting utanfrå til for å få kommunen med på den fylkeskommunale satsinga «Litteraturhus Møre og Romsdal» 2021-23, med tanke på litteraturopplevingar rundt om på folkebiblioteka i fylket.

Både med tanke på unge som skal utvikle språk- og leseglede, vaksne som skal lære for yrkes-, arbeids- og samfunnsliv, – og for eldre som ønsker seg glede og refleksjon i alderdommen, bør folke- og skolebiblioteka – etter mi vurdering - ha ein sentral plass i den kommunale kulturpolitikken.

Eivind Hasle